Hopp til innhold

Goodson frå start for USA

Start-stopparen Clarence Goodson spelte igjen frå start i USA-forsvaret i oppgjeret mot Australia i Sør Afrika.

USA landslag

USA: Clarence Goodson (nr. 21) fekk tillit frå start i treningskampen mot Australia i Sør Afrika.

Foto: TIM SHAFFER / Reuters

Dermed ser det ut til at midtstopparen er nær ein plass i startoppstillinga når VM i Sør Afrika brakar laust om ei knapp veke.

I dagens vennskapskamp var det USA som fekk utteljing først. Edson Buddle, frå David Beckham sin klubb Los Angeles Galaxy, sende amerikanarane i leiinga etter berre fire minutt.

Men Australia slo tilbake. Everton-spelaren Tim Cahill sørga for balanse i rekneskapen kvarteret seinare.

Etter 31 minutt var Edson Buddle igjen på farten for USA. Han sende amerikanarane i leiinga igjen - 2-1. Det vart også pauseresultatet.

Halvtimen før full tid vart Goodson bytta ut. Oguchi Onyewu kom inn for Start-spelaren.

Tre minutt på overtid sikra Herculez Gomez 3-1 siger til USA.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %