NRK Meny
Normal

Gir Mjelde tid til å byggje laget

Administrerande direktør i Start Sveinung Hovstad meiner at det er viktig å gi Mons Ivar Mjelde til å byggje opp eit lag. Mjelde skreiv søndag kveld under ei 4,5 års kontrakt med sørlendingane.

Mons Ivar Mjelde

TID: Start-direktør Sveinung Hovstad vil gi Mons Ivar Mjelde tid til å byggje opp eit slagkraftig Start-lag.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Sveinung Hovstad

IMPONERT: Start-direktør Sveinung Hovstad er imponert over CV-en til Mons Ivar Mjelde.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Det viser at vi ynskjer langsiktigheit. Det tek tid å byggje opp eit lag og det er ein erkjennelse vi må ta innover oss når vi jobbar med dette, seier Hovstad til NRK.no.

– Vi tenkjer langsiktig. Han tek med seg heile familien, og at han kan tenkje langsiktig trur eg er veldig viktig, seier han.

Ny eliteseriekontrakt

Fleire kandidatar har vore nemnt i samband med trenarjobben i Start. Tidlegare Molde-trenar Kjell Jonevret og Nils Arne Eggen er nokre av namna som har blitt trekt fram. Men valet fall altså på Mons Ivar Mjelde til slutt. I tillegg er det klart at Frode Fredriksen held fram som assistenttrenar i klubben.

– Vi har vore ute etter ein person med gode leiareigenskapar. Det har vore veldig viktig for oss å finne ein utprega leiartype som kan både vere med på treningsfeltet og kan bidra i klubben elles, seier Hovstad.

Tysdag møter Mjelde spelargruppa for første gang. Då startar jobben med å redde plassen i eliteserien.

– Vi har ein lang haustsesong før oss. No handlar det om å prestere der og sikre oss eliteseriekontrakt. Det er veldig viktig i det korte bilete. Så handlar det om å utvikle laget over tid.

Mons Ivar Mjelde

SUKSESS: Mons Ivar Mjelde vann både cupfinale og serie som trenar i Brann.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Imponert over Mjelde

Hovstad legg ikkje skjul på at klubbleiinga har store forventningar til hordalendingen. Hovstad er imponert over CV-en til Mjelde. Den tidlegare Brann-trenaren førte bergensarane til klubben sitt første seriemeisterskap på 44 år i 2007. I tillegg sikra han ny kontrakt i 1. divisjon for eit Bryne-lag i krise i 2009.

– Det svarar for seg sjølv. Mjelde har gode resultat å i det han har holdt på med, seier Hovstad.

Mons Ivar Mjelde starta karriera si i Hausvik FK på Osterøy i Hordaland. Det skulle bli starten på ei innhaldsrik fotballkarriere der han anna var innom både Brann, Bryne, Lillestrøm, Austria Wien og Sogndal.

Tok seriegull

Mons Ivar Mjelde

ÅRETS TRENAR: Mons Ivar Mjelde vart kåra til årets trenar i 2007.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

I 1992 scora han to mål i cupfinalen då Lillestrøm tapte 23 mot Rosenborg på Ullevaal. Året etter var han toppscorar i eliteserien med 19 mål for Lillestrøm. Tre år seinare fekk han Kniksenprisen som årets angripar.

Mons Ivar Mjelde spelte tre kampar med flagget på brystet og scora to mål. I 2001 la han opp etter å ha spelt sju kampar for Sogndal i eliteserien.

To år seinare tok Mjelde over som hovudtrenar i Brann etter at Teitur Thordarson trekte seg. Året etter førte han Brann til cupfinale der dei slo Lyn 4-1.

Høgdepunktet i Mjelde si trenarkarriere så langt skulle komme fire år seinare. I 44 år hadde heile Bergen venta på seriegull. 2007 skulle bli året då Brann igjen tok over trona - med Mons Ivar Mjelde ved roret. Same året vart også Mjelde kåra til årets trenar.

Mons Ivar Mjelde

BRANN: Mons Ivar Mjelde spelte over 100 kampar for Brann som spelar.

Foto: MARIT HOMMEDAL / Scanpix

Redda Bryne frå nedrykk

Den påfølgjande sesongen vart tøff for Mjelde. Resultata uteblei og trenaren sa til slutt takk for seg.

I 2009 var han igjen tilbake som trenar då han over eit Bryne-lag i krise. Laget låg under nedrykkstreken då Mons Ivar Mjelde kom til klubben. Mjelde redda til slutt Bryne frå nedrykk.

No er Mjelde tilbake i toppfotballen etter eit og eit halvt år pause. Allereie i morgon tek han fatt på oppgåva med å sikre eliteseriekontrakt for Start også neste sesong.

NRK.no har ikkje lukkast med å få tak i Mjelde.