Hopp til innhold

Gir 20 000 kroner for kattetips

Dyrebeskyttelsen leitar etter katteeigarar som har forlete fire kattungar på ein parkeringsplass. Dei lovar no eit femsiffra beløp til den som kan hjelpe å finne eigaren.

Arnfrid Ropstad

PÅ JAKT: Arnfrid Ropstad i Dyrebeskyttelsen leitar etter eigaren av fire kattar i Kristiansand. Kattane vart dumpa på ein parkeringsplass i Kristiansand. No lovar Dyrebeskyttelsen dusør til den som kan leie til katteeigaren.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi er interessert i å finne ut kven som har dumpa kattane. Vi har fleire gonger utlova dusør. Vi har aldri fått tips før no. Vi har fått tre tips og dei høyres veldig riktige ut, seier Arnfrid Robstad i Dyrebeskyttelsen i Kristiansand til NRK.no.

LES OGSÅ: Flere og flere dumper kattene sine

Dei fire kattane vart funne på ein parkeringsplass like ved E18 i Kristiansand. Robstad fortel om stor auke i kattar som vert dumpa.

Enorm auke i katte-dumping

– Vi har lova dusør mange gonger i sommar. Det har vore ekstremt mykje dumping. Det har vore populært å setje kattar i fraktkassar og setje dei ifrå seg, fortel ho.

– Vi fekk inn ein liten kattunge frå Strai i sommar. To dagar seinare ein frå Gartnerløkka. Dei var så like at dei må ha vore søsken. Dei var veldig spesielle. Det kunne verke som om nokon har køyrt langs Setesdalsveien og dryssa ut kattungar, seier ho.

I løpet av sommaren har Dyrebeskyttelsen berre i Kristiansand fått inn 152 kattar som har blitt dumpa.

GALLERI: Katter feriedumpes

– Det er ei voldsom auke kvart år, og det blir verre for kvart år. Det er i ferd med å bli uuthaldeleg å halde på med dette, seier ho.

Dumpa katt

DUMPA: Denne katten vart saman med tre andre dumpa på ein parkeringsplass i Kristiansand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Folk er motbydelege

Den verste episoden i år var då to kattungar vart forlete på ein søppelplass, meiner Robstad. Dei to låg i ein container.

– Hadde dei blitt teke av grabben er det ikkje sikkert dei hadde dauda. Dei hadde kanskje berre blitt hardt skada, seier ho.

LES OGSÅ: – Blant de verste dyretragediene

– Folk som utan å blunke påfører menneske og dyr smerte og angst, er rett og slett motbydelege og ei belasting for samfunnet, seier ho.

Ved å finne eigaren av dei fire kattane i Kristiansand, håpar Dyrebeskyttelsen å åtvare katteeigarar mot å dumpe kattane sine.

Skrekk og åtvaring

– Årsaka til at vi lovar pengar er eit håp om å få teke eitt av menneska til skrekk og åtvaring, seier ho.

LES OGSÅ: – Mange uforsvarlige dyreeiere

Og skulle dei finne eigaren:

– Vi håpar jo kanskje at eigaren ikkje treng heile pengesummen, men dei får sjølvsagt pengane dersom dei vil, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %