Då har det gått nesten to år sidan fleire drivhus og produksjonslokale kollapsa under uvêret.
– Det er uheldig, særleg fordi fleire av bedriftene har det særs tøft økonomisk som følgje av at bygningar er øydelagde, seier generalsekretær Morgan Andersson i Norsk Gartnerforbund.
Morgan Anderson i Norsk Gartnerforbund seier det er lenge å vente på at erstatningssaka kjem opp.
Foto: Photographer: Haavard Ronaes Lagesen– I tillegg har ein måtte kjempe for rettshjelpsdekninga frå Gjensidige, som framleis ikkje er avklart, seier han.
Ueinige om kva som blir dekt
Forbundet hjelper tre gartneri i Agder og eitt i Vestfold som til saman fekk øydelagt 100 dekar med produksjonsareal under ekstremvêret i januar.
Totalt er øydeleggingane og tap av omsetning berekna til 600 millionar kroner.
Gartneria og Gjensidige er ueinige om snøtyngdeskadar blir dekt av forsikringa.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRKGartneria har gått til samla sak mot Gjensidige for å få erstatning etter uvêret, men forsikringsselskapet har avslått krav om erstatning. Dei meiner snøtyngdeskade ikkje blir dekt av forsikringa.
Det avviser Norsk Gartnerforbund.
Utvidar søksmålet
Gartneria krev ikkje lenger berre erstatning for øydeleggingane.
– Søksmålet er utvida med eit erstatningskrav mot Gjensidige for brot på forsikringsavtalelova og aktlaus oppfølging av kundane, seier Morgan Andersson.
Ifølge Andersson har Gjensidige og gartneria veldig ulik oppleving av informasjonen ein har fått om kva forsikringa skal dekke.
– Ingen av kundane har oppfatta forsikringsvilkåra slik Gjensidige hevdar, etter at det kom kostbare skadar. Gartneria kunne aldri akseptere risikoen som Gjensidige hevdar, seier Andersson.
Vil ikkje kommentere
Gjensidige ønsker ikkje kommentere saka no.
– Vi ser fram til å få belyst saka i retten, men ynskjer ikkje å gå inn på saka før den tid, seier kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo.
Når det gjeld at saka ikkje kjem opp før i september, seier Eklo at Gjensidige berre held seg til det som retten har sett opp.