Gjensidige har tidlegare avslått krav om erstatning etter uvêret fordi dei meiner snøtyngdeskade ikkje blir dekt av forsikringa.
Det avviser generalsekretær Morgan Andersson i Norsk Gartnerforbund:
– Dette står allereie i den første sida med innhald i polisen deira at forsikringa dekker næringsbygg pluss snøtyngde, med ein eigendel på 50.000 kroner, seier han.
– Mykje på spel
Gartnarforbundet hjelper tre gartneri i Agder og eitt i Vestfold som til saman fekk øydelagt 100 dekar med produksjonsareal i ekstremvêret i januar.
Totalt er øydeleggingane og tap av omsetning rekna til 600 millionar kroner.






J. Kristiansens gartneri ble totalskadet i et voldsomt snøvær ved nyttår. Nå kjemper de for erstatning med tre andre gartnerier.
Per-Kåre SandbakkVerst gjekk det utover gartneria i Grimstad.
– Det er jo veldig mykje på spel for heile næringa, seier gartnar Ole Martin Hodnebrog i Grimstad.
Sjølv fekk han fleire drivhus og ein butikk på 2.000 kvadratmeter knuste i uvêret.
– Viss du ikkje kan forsikre deg mot snø, så vil kanskje ikkje banken låne deg pengar til å bygge. Og då er det nok ikkje så mange som tør å satse vidare, seier Hodnebrog.
Gartner Ole Martin Hodnebrog i Grimstad har teke over eit gammalt drivhus frå kommunen, som han no jobbar med å sette opp.
Foto: Siv Kristin SællmannSnø, eller vind og snø
Noko av konflikten består i om kollapsen kom av snø eller kombinasjonen av snø og vind.
– Vi meiner at hovudårsaka er vind, ekstremvêret vind og snø, og det er målt vind med storm styrke, seier Morgan Andersson.
Gartneria og Gjensidige er usamde i om snøtyngdeskade blir dekt av forsikringa.
Foto: Erik Wiig Andersen / NRK– Viss ein likevel skulle falle ned på at snøtyngda er hovudårsak, så er ein også dekt for det i polisen, seier han.
Gjensidige har tidlegare sagt til NRK at dei meiner skadane ikkje er omfatta av forsikringa.
– Vi har fått stemninga og registrerer at dei har eit anna syn på saka enn oss, seier Pål Rune Eklo, kommunikasjonssjef i Gjensidige.
Noko meir vil han ikkje seie no, sidan saka skal inn i rettsapparatet.
Ser framover
Morgan Andersson håpar Gjensidige vil snu, og understrekar at saka er viktig ikkje berre for familiane som er råka, men for framtida til gartnarnæringa.
– Dei har sete på forsikringsavtalar der dei meinte og trudde at dei var dekte for den typen skadar, og så blir ein møtt med eit avslag. Det rokkar ved heile grunnvollen i næringa.
I Grimstad er gartnar Ole Martin Hodnebrog og kollegaene i ferd med å gjere butikken klar til jul. Han seier det er viktig å sjå framover.
– Det er det vi må. Det er det som held oss gåande, seier han.
– Vi håpar at dette går vegen. Vi treng ei forsikring som dekker ryggen vår.
Gartner Ole Martin Hodnebrog i Grimstad håpar saka løyser seg. – Vi treng ei forsikring som dekker ryggen vår.
Foto: Miriam Grov