NRK Meny
Normal

Går mot ein fin 17. mai

Prognosane frå Meteorologisk institutt viser at det truleg blir finvêr 17. mai.

17. mai-tog i Kristiansand.

Vêrmeldingane ser fine ut for Sørlandet sin del 17. mai.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK

– Det ser ut til at nedbøren held seg nord for Stadt. Eg vil seie at det er 80–90 prosent sjanse for at det vert tørt på Sørlandet, seier statsmeteorolog Bente Wahl til NRK.

Ifølgje statsmeteorologen byrjar meteorologane å få eit rimeleg sikkert bilete på kva vêr vi vil få på nasjonaldagen.

– Prognosane dei siste dagane har vore ganske sikre for Austlandet, Agder og Telemark sin del. Det er meir usikkert for Vestlandet. Det er eit veldig godt håp om tørrvêr, seier ho.

Statsmeteorologen vedgår at det er ekstra skummelt å melde 17. mai-vêret.

– Det er jo ein forferdeleg dag å ta feil på, ler ho.

Slik det ser ut no slepp du i alle fall å hente fram paraplyen laurdag.