Hopp til innhold

Gamle Evje kino i brann

Det var full brannutrykning til den gamle kinoen på Evje fredag morgon. Brannvesenet meiner det kun er flaks som gjorde at brannen ikkje utvikla seg i den gamle trebygningen.

Brann i den gamle kinoen på Evje

BRANN: Brannvesenet fekk kontroll over brannen i den gamle kinoen.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen/NRK

Det vart slått full alarm hos brannvesenet i 05.45-tida. Ein av brannfolka i kommunen var på veg til jobb då han merka ei merkeleg, sur røykelukt.

– Dette kunne fort ha gått veldig gale om det hadde utvikla seg meir. Det kunne verkeleg ha blitt ein storbrann, seier brannsjef i Setesdal, Jerry Anker Remme til NRK.no.

Gammal trebygning

20 minutt etter at brannen var varsla var det kring 20 brannfolk på plass. Dei hadde fem brannbilar til disposisjon og fekk kontroll over situasjonen.

– Det er ein gammal trebygning, som det har vore ein del folk inn og ut av. Brannen hadde starta i samband med ei scene. Det er ikkje straum på bygget heller, seier Remme.

Han meiner det var flaks at ein av dei lokale brannmennene oppdaga brannen.

– Mistenkeleg brann

– Det tykkjer eg er bra, og slik er det i små lokalsamfunn der vi ikkje har yrkesfolk. Dei spreier seg rundt til alle jobbane sine på morgonen. Så heldigvis vart dette oppdaga tidleg. Så dette har gått bra, seier han.

Brannvesenet omtalar brannen som mistenkeleg. Det gjer at politiet startar etterforsking.

– Brannvesenet jobbar mykje med brannar og har konkludert med at det er mistenkeleg. Det står att å sjå kva som har skjedd, men også eg tykkjer det er mistenkeleg. Så dette må vi undersøkje, seier politibetjent Kim Asbjørn Haugen.

Korleis brannen starta er førebels ikkje kjent.

– Brannen har starta i storsalen. No står det att å sjå om brannen er påsett, eller om det er andre ting som har starta brannen, seier Haugen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %