– Dei to første vekene i januar er som vanleg stille, men frå då har vi bra både i midtveke og vi har fleire helgar som er fullbooka, seier Bjørn Erling Auestad som eig hytter ved fleire utleigestader på Hovden.
Fulle hytter
Der vert det fyllt opp raskt.
- LES OGSÅ: Måtte evakuere skiheisen
- LES OGSÅ: Vi har aldri brukt med strøm
– For vårt vedkommande er det fleire helgar som er fulle. Statistikken frå i fjor og året før viser at det vil bli fullt, seier han.
Snø og kulde ser altså ikkje ut til å ha skremt sørlendingane vekk frå hytter i innlandet og på fjellet i vintermånadene.
For seint ute
NRK.no har vore i kontakt med fleire hytteeigarar både på Hovden, Bortelid og i Sirdal. Også der byrjar det å haste dersom du vil sikre deg eit opphald i vinterferien.
- LES OGSÅ: Mange frosne vannrør
– Det byrjar å bli fullt. Det må i tilfelle bli avbestillingar eller forandring, elles er det litt for seint, seier Kjellfrid Helle ved Kvæven Hytteutleige i Sirdal.