Hopp til innhold

Frp står på sitt – seier nei til å ta imot fleire flyktningar

Frps Anders Kylland seier at det gjer vondt å sjå bilete av flyktningar i naud på tv og i aviser, men vil ikkje ta imot fleire.

Mellom Anders Kylland (Frp) og Pål Koren Pedersen (V).

Se debatten mellom Anders Kylland (Frp) og Pål Koren Pedersen (V) her.

– Det handlar om to ting. Det er ein langsiktig debatt i tillegg til nauden som har oppstått no. Vi er skeptiske til å bruke dette som eit argument for å busette fleire flyktningar enn det vi kan og er i stand til å handtere, sa Kylland under ein direktesend NRK-debatt tysdag ettermiddag.

I august sa politikarane i Arendal ja til å ta imot 200 fleire flyktningar dei fem neste åra. Planen var å busette 485 i perioden 2015–2019. No er talet auka til 685.

– Ikkje gode nok på integrering

Pål Koren Pedersen

Pål Koren Pedersen (V).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I tysdagens debatt møtte Kylland Venstre sin ordførarkandidat i Arendal, Pål Koren Pedersen.

– Vi har store utfordringar i Arendal med å integrere dei vi har sagt ha til. Vi må få til endå betre integrering før vi seier ja til fleire, sa Kylland.

Pål Koren Pedersen meiner at Arendal og resten av Norge er moralsk forplikta til å ta imot fleire flyktningar.

– Det er nokre ting vi skal gjere i eit moderne, liberalt samfunn. Det er å ta seg av eldre, ta seg av barn og gje dei skulegang. Det er lovpålagt, sa Koren Pedersen.

– Forplikta til å ta imot

– For meg er det å ta imot dei som er i den yttarste naud i verda av den same etiske forpliktelsen. Vi kan ikkje seie at det skal vere berekraftig å ta dei imot. Vi spør ikkje om det er berekraftig å drive eldreomsorg. Det er noko vi er forplikta til å gjere. Så må vi rette politikken vår etter det, sa Venstre-politikaren.

Koren Pedersen meiner også at Arendal har vist at dei er flinke til å integrere flyktningar.

– Vi har lukkast så godt at vi vart innstilt til busettingsprisen for 2015 blant seks kommunar i heile landet, sa han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,4 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %