NRK Meny
Normal

Første stikk til ØIF Arendal

ØIF Arendal slo kviterussiske SKA Minsk i den første kampen i 2. kvalifiseringsrunde til EHF-cupen.

Sondre Paulsen, ØIF Arendal

Sondre Paulsen og ØIF Arendal slo SKA Minsk laurdag ettermiddag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Arendalittane vann 30-27 etter å ha leia 15-13 til pause i Sør Amfi.

Også returkampen går i Sør Amfi. Den vert spelt søndag.

Dette var ØIF Arendal sin første siger på fire kampar. Laget har tapt tre strake kampar i eliteserien i tillegg til cuptapet for Stord.