– Det er berre ei forbigåande minking. I kveld vil det bli omslag til nordvest med sterk storm på kysten vest for Lindesnes, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl til NRK.
Ifølgje meteorologen kan det blir kraftig vind opp mot 25 m/s og vindkast opp mot 35 m/s.
– Det blir kraftige vindkast i Vest-Agder og litt mindre kraftig i Aust-Agder, seier han.
Det er venta at vinden vil minke i løpet av natt til fredag.
– Det gir seg i løpet av føremiddagen og det vil vere rolege vindforhold. Men vest for Lindesnes vil det vere ein liten storm periodevis heile fredag, så sjølv om det roar seg vil det framleis vere mykje vind, seier meteorologen.
Ifølgje meteorologen er den verste nedbøren forbi.
– Det blir nok litt nedbør, men det skal gi seg når lågtrykket forsvinn austover. Frå i kveld bør det minke og etter kvart bli opphaldsvêr, seier han.