Hopp til innhold

Fleire tekne for promillekøyring

Promillekøyring, vanskelege restaurantgjester og slagsmål var noko av det politiet måtte ta hand om i natt. Her er politiloggen natt til laurdag.

04.00 Arendal: To personar vart melde for promillekøyring i båt. Ein person vart meld for å ha køyrt for fort.

03.24 Farsund: Politiet måtte ta hand om eit slagsmål i sentrum. Politiet skriv i loggen at slagsmålet førte til utslåtte tenner.

03.24 Arendal: Ein person vart teken for promillekøyring i båt i Indre Havn.

03.19 Mandal: Tre personar vart bortvist frå sentrum etter at dei hadde laga bråk på ein utestad.

03.09 Kristiansand: To politipatruljer måtte rykke ut for å ta hand om ein mann som vert beskrive som «meget utagerande i vegbana». Episoden skjedde i Kjosbukta.

02.53 Arendal: Sju personar var involvert i eit slagsmål i sentrum.

02.06 Kristiansand: Ein person vart sett i arresten etter amper stemning på ein utestad. Ein annan person vart bortvist frå staden.

01.56 Birkenes: Ein person vart pågripen for fyllekøyring på Birkeland.

01.34 Flekkefjord: Politiet ryket ut etter melding om at ungdom kasta stein i Kirkegata. Dei kasta mellom anna stein på søppelkassar.

01.21 Kristiansand: Eit slagsmål vart stoppa i sentrum. Ein eller fleire skal ha fått slått ut tenner i slagsmålet.

00.41 Kristiansand: Politiet rykte ut etter melding om innbrot frå ein bustad på Erkleiv. Huseigaren var sjølv heime då innbrotet skjedde.

00.41 Mandal: Ein person vart pågripen av politiet på ein restaurant. Personen var rusa og vert beskrive som «vanskeleg».

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %