NRK Meny
Normal

Fevang misser Odd-kampen

Ein strekkskade set Start-kapteinen ut av spel.

Geir Ludvig Fevang

SKADA: Start-kaptein Geir Ludvig Fevang går truleg glipp av Odd Grenland-kampen i morgon på grunn av ein strekkskade.

Foto: Einar Kleveland / NRK

– Akkurat no ser det tvilsomt ut, men vi får la det medisinske apparatet halde på med det, seier Start-trenar Knut Tørum til NRK.

Midtbanespelaren måtte gå av bana i 4-3-sigeren mot Brann på søndag. No ser skaden ut til å vere så alvorleg at Geir Ludvig Fevang går glipp av morgondagens kamp mot Odd Grenland på Sør Arena.

Men Tørum trur laget vil klare seg utan kapteinen. Truleg vil Christer Kleiven overta rolla til Fevang.

– Ja, det er eitt alternativ, seier Tørum.

– Uansett har vi mange spelarar, som er i form og som har meldt seg på. Så eg trur vi skal vere mannsterke også på onsdag, seier trenaren.