Hopp til innhold

Fem personar til sjukehus etter ulykke

Fem personar er sende til sjukehus etter ei trafikkulykke på E39 i Søgne.

Fem personar er sende til sjukehus etter ei trafikkulykke på E39 i Søgne.

Ulykka skjedde på toppen av Trybakken i Søgne.

Ein av dei fem personane er eit barn.

Det skal ikkje vere snakk om alvorlege personskader.

– To er lettare skadd. For dei tre er tilstanden ikkje kjent, men dei var tilsynelatande lettare skadde, seier innsatsleiar i politiet, Eivind Erøy til NRK.

Ulykka skjedde på toppen av Trybakken ved 18.20-tida fredag kveld.

Ein bil med tilhengar, som stod parkert på toppen av bakken, vart påkøyrt baifrå, ifølgje politiet. Dei opplyser også at det var låg sol då ulykka skjedde.

– Det kan ha vore ei medverkande årsak, seier Erøy.

Vegen var delvis stengd etter ulykka. Det var manuell dirigering forbi ulykkesstaden.

Ulykke E39 Trybakken

Denne tilhengaren vart påkøyrd bakifrå.

Foto: Leif Dalen / NRK
NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 0,57 kr
Dyrest kl. 08 0,63 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %