NRK Meny
Normal

Fare for flaum og jordras

Store nedbørmengde på delar av Austlandet, Telemark og Agder frå søndag ettermiddag gjer fare for flaum og jordras.

Regnskur

Det er venta kraftig nedbør på Sørlandet og delar av Austlandet søndag ettermiddag.

Foto: Ståle Frafjord

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut eit obs-varsel som følgje av nedbørmengdene som er venta.

Der åtvarar dei mot auka fare for flaum og jordras.

Det er meldt opp mot 60 milimeter nedbør i Telemark. I Agder og på Austlandet kan det komme mellom 40 og 50 milimeter.

– Grunnvasstanden og vassmetningsgrada i bakken er høg. Bratte skråningar, samt bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett, skriv direktoratet.

No ber dei folk ta forholdsreglar for å unngå skader.

– Rensing av dreneringsvegar og stikkrenner anbefalast, skriv NVE.

Ifølgje NVE ligg snøgrensa på 400-600 m.o.h. for indre delar av Austlandet, og 600-800 meter m.o.h. i Agder og Telemark.