Spyd-talentet får skryt av topptrenar

Andreas Thorkildsen sin trenar Åsmund Martinsen er imponert over spydtalentet Vetle Brunvatne frå Søgne.

Åsmund Martinsen

Åsmund Martinsen let seg imponere av spydkastar Vetle Brunvatne i Tallinn.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Vetle Brunvatne

Vetle Brunvatne sette ny pers og vart nummer fem under lag-EM i Tallinn i helga.

Foto: NRK

I helga sette sørlendingen ny personleg rekord med 72,57 meter under lag-EM i Tallinn.

– Han ser veldig sprek og fin ut. I det kastet fekk han ganske god treff. Han har framleis litt å rette på teknisk, men han gjorde det veldig bra, seier Åsmund Martinsen til NRK.

Spydtrenaren har hatt Brunvatne på samling i regi av Norges Friidrettsforbund sitt spydprosjekt.

Inspirert av Thorkildsen

Martinsen har trena Andreas Thorkildsen til åtte OL-, VM-, og EM-medaljar. Under lag-EM gjekk Vetle Brunvatne inn som erstattar for Thorkildsen, som valde å stå over.

– Han har jobba veldig målretta i fleire år. Han utviklar seg stadig fysisk og er flink til å jobbe med det tekniske. Så er han mjuk og fin. Det er ofte det vi ser etter når vi skal ha fram spydkastarar. At ein ikkje vert kantete og veldig brå i rørslene, men at han klarer å la teknikken jobbe for seg. Det ser veldig fint ut, seier Martinsen.

Spydtalentet sjølv sa til NRK etter helgas konkurranse at han ser opp til Andreas Thorkildsen.

– Andreas har vore ein veldig stor inspirasjon for meg. Han er frå Sørlandet og viser at det går an å bli verdas beste spydkastar frå Sørlandet og Norge, sa Brunvatne.

– Urettferdig å samanlikne med Thorkildsen

– Det er lettare å forbinde seg med personar som kjem frå eige distrikt. Då ser ein at det er mogleg å komme frå Norge og Sørlandet å bli veldig god i spyd, seier Martinsen.

Åsmund Martinsen meiner det er feil å samanlikne Brunvatne med Thorkildsen då han var på same alder.

– Andreas var jo eit ekstremt talent og var veldig god allereie når han var veldig ung. Det blir litt urettferdig for dei som kjem etter, om ein skal byrje å samanlikne med det Andreas gjorde på same alder, seier spydtrenaren.

Andreas Thorkildsen

Åsmund Martinsen har trena Andreas Thorkildsen i fleire år.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix