Fann E.coli i drikkevatnet

Folk i deler av Vennesla må koke drikkevatnet etter at det er oppdaga E.coli-bakteriar.

Otra hjemmelaget bombe

E. coli-bakteriene er oppdaget i et ledningsnett som går øst for Otra mellom Ålefjærvegen og Saga.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Det er funne E.coli-bakteriar i eit lågt antal. Men så mykje at vi forstår at det er forureining. Då er anbefalinga å koke vatnet, som skal brukast til drikke og matlaging, seier kommunelege i Vennesla Per Kjetil Dalane til NRK.

Ifølgje Vennesla kommune skal det vere snakk om små mengde E.coli-bakteriar i leidningsnettet aust for Otra mellom Ålefjærvegen og Saga.

Drikkevann

Det er oppdaga små mengde med E.coli-bakteriar i Vennesla.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Kan dusje

Ifølgje kommunen er det ufarleg å bruke vatnet til vasking og dusjing.

– Vi har ingen indikasjon på at nokon er blitt sjuke fram til no. Vi ynskjer å vere på den sikre sida, seier Dalane.

E. coli-bakterien vart oppdaga i samband med rutineprøver. Det vert teke nye prøver av vatnet fortløpande.

Jobbar med å finne årsaka

Kommunelegen veit førebels ikkje kvar bakterien stammar frå.

– Teknisk avdeling jobbar no med å finne årsaka. Vi vil følgje opp med nye prøver. Dersom vatnet er bra og vi finn kjelda, så blir vatnet friskmeldt, seier han.

Dalane seier at det vil bli gitt ny informasjon torsdag kveld eller fredag morgon, når dei har nye prøveresultat.