Hopp til innhold

Fangar nektar å ete svinekjøt

14 innsette ved fengsla på Sørlandet nektar å ete svinekjøt. Bakgrunnen er religiøse årsaker.

Celle Ski politistasjon

SVINE-NEI: Fengselsfangar på Sørlandet nektar å ete svinekjøt.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Fengselsleiar Oddmund Egeland i Arendal seier at svinekjøtnekten ikkje skapar problem.

– Mine kokkar, som er tilsett ved dei ulike kjøkena, ordnar dette på ein veldig grei måte, seier han til NRK.no.

Arendal fengsel har til saman 93 innsette i ulike avdelingar, medan 44 sit fengsla på lukka avdeling i Kristiansand.

Rundt 30 prosent av dei er utanlandske statsborgarar og særs mange av desse kjem frå land i tidlegare Aust-Europa.

– Det er ikkje mange som ikkje et vanleg norsk mat. Det er eventuelt unge gutar som av og til seier at dei ikkje kan ha fisk. Men då må vi ha ei stadfesting frå helsetenesta at dei har allergi. Så dei må nok ha fisken dei også, seier Egeland.

– Så det er ikkje nok å seie at ein ikkje likar fisk?

– Nei, det er ikkje nok. Dei må ha torsken dei også veit du, ler han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %