Hopp til innhold

Evakuerer hytter på Hovden

Politiet har valgt å evakuere hytter i området Hovdenut på Hovden i Setesdal på grunn av rasfare.

Snøras inne i hytte på Hovden

Snøen rasa inn i den eine hytta.

Foto: Våken Vakt

Ei hytte skal allereie vere skada av eit snøras. Snøen har pressa ut fleire vindauge.

Knut Inge Repstad

Knut Inge Repstad har stengt vegen inn til hyttene.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

I tillegg skal raset ha treft ei anna hytte i ein vegg, men denne skal ikkje vere påført skader.

– Eg vurderer at det er ein betydleg stor snøsrasfare. Det er mykje snø att i fjellsida. Vi veit ikkje om det kjem, men dersom det kjem vil det truleg komme på hyttene som er evakuert, seier Knut Inge Repstad har stengt vegen inn til hyttene.

Hyttene ligg berre nokre få hundre meter unna Hovden Alpinsenter. Politiet evakuerer hyttene fordi dei fryktar nye ras. Det er ikkje kjent kor mange personar som er evakuert.

Raset skal ha gått natt til laurdag. Ingen personar skal ha blitt skada.

Tre hytter evakuert

Til no er tre hytter evakuert. Personane som eig hyttene har fått beskjed om å reise heim eller å ta inn på hotell.

– Hyttene er evakuert utifrå ei risikovurdering til ein geolog får undersøkt staden nøye, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Ingrid Mæhre til NRK.

Dei to hyttene som allereie er treft av ras er ikkje evakuert.

– Vi vurderer området til å vere utanfor den store risikosona. Dei som eig hyttene har fått beskjed om å ta ei vurdering sjølv, seier operasjonsleiaren.

Snøras i hytte på Hovden

Denne hytta skal ha fått skade på motsett side etter snøraset.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

Skal ha sperra veg

Politiet skal ha sperra vegen inn til hytteområdet.

Ein geolog skal gjere ei vurdering av rasfaren søndag klokka 12.

Røde Kors har til no ikkje blitt kalla ut.

Snøen har lava ned i indre Agder den siste veka, og politiet ber folk vere forsiktige.

– Rasfaren er stor mange stader. Folk må bevege seg veldig forsiktig i fjellheimen, seier Mæhre.

NRK oppdaterer saka.

Hovden

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %