NRK Meny
Normal

Etterlyser tips etter fleire innbrot

Politiet ber om tips frå publikum etter melding om ei rekkje innbrot natt til måndag.

Politiet har motteke fleire meldingar om innbrot i Vennesla.

– Vi har hatt ein del innbrot spesielt i området Vennesla-Mosby. Vi har ingen haldepunkt på at det er samanheng mellom innbrota vi har vore på til no, seier Eyvind Formo som er operasjonsleiar i Agder-politiet.

Ifølgje operasjonsleiaren skal det førebels ikkje vere snakk om store verdiar som er stole.

– Men vi har ikkje oversikt over alt som er teke endå, seier han.

Det er mellom anna meldt om innbrot ved Metro Bowling i Kristiansand, Høie Fabrikker i Vennesla og ved ein frisørsalong i Vennesla.

– Vi undersøkjer sakene vidare utover føremiddagen i dag. Vi er interessert i tips. Spesielt om folk har gjort observasjonar rundt Moseidmoen og Hunsøya i Vennesla, seier han.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold