Hopp til innhold

Elleville jubelscener då Shala sende Start til semifinalen

Herolind Shala tende for alvor liv i håpet om ein etterlengte cupfinale for Start, då han senka Bodø/Glimt i kvartfinalen.

NM i fotball 2018 Start - Bodø/Glimt.

SJÅ HØGDEPUNKTA: Herolind Shala jublar for 2–1 scoringa som gav siger mot Bodø/Glimt.

Laster innhold, vennligst vent..

– Heilt sinnssjukt herleg, ropte midtbanespelar Erlend Segberg inn i mikrofonen til speakeren då han gjekk av bana etter sigeren mot Glimt.

Allereie på pressekonferansen då Kjetil Rekdal vart presentert som ny trenar i Start snakka Rekdal om at cupfinale kunne vere realistisk.

No er «snakk» eit steg nærare ein realitet for Start, som aldri tidlegare har klart å spele seg til ein cupfinale.

Og det kan «Reka», eller «Ræga» som han gjerne vert kalla på Sørlandet, takke sommarkjøpet Herolind Shala for.

Straffedrama

Då dommaren peika på straffemerket på stillinga 1-1, kvarteret før slutt, gjekk ein sjølvsikker Tobias Christensen fram for å ta det. Men 18-åringen makta ikkje det sjefen klarte mot Brasil i VM i 1998.

Skotet vart redda, men Bodø/Glimt-keeper Ricardo måtte gje retur. Og det var her Herolind Shala var våken.

Den tidlegare Odd-spelaren sette ballen i mål til ellevill jubel på Sør Arena. Start vann til slutt 2–1 og er dermed klar for semifinale i cupen.

– Eg tenkte eg måtte ta returen og berre setje den i mål, seier Shala som eigentleg skulle ta teke straffa.

– Tobias ville veldig gjerne ta den. Så i staden for å krangle på det ute på bana, så let eg han ta den. Men eg visste det kunne komme retur, og det har eg faktisk trent på. Det var ufatteleg herleg å sjå ballen gå i mål, men Tobias bør kjøpe ei lita gåve til meg, ler Shala.

Vart pressa

– No kryssar vi fingrane for fullt hus og semifinale på heimebane, seier Kjetil Rekdal som og vil ha spelarane raskt ned igjen på jorda.

– Vi har ein utruleg viktig seriekamp mot Vålerenga allereie til helga. Vi har ikkje noko val. No må vi sjå fram mot den. Det er lenge til semifinalen, og eg trur vi kan bli endå betre til vi skal spele den, seier han.

Men det såg ikkje særleg lyst ut for Start tidlegare i kampen, trass i at dei tok leiinga ved nemnde Christensen berre sju minutt ut i oppgjeret.

For etter at Kristian Fardal Opseth utlikna til 1–1 ti minutt seinare var det gjestene frå nord som styrte det meste. Martin Bjørnbak trefte mellom anna stolpen kort tid etter scoringa.

Men Start klarte å stå imot og hadde også sjølv eit par feite sjansar dei ikkje fekk utteljing på.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %