Hopp til innhold

Egdene på grilltoppen

Ingen er så glade i grillen som sørlendingane.

Sommerens gleder med pølser

NAM NAM: Sørlendingar elskar å grille og toppar grillstatistikken i Noreg.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Aust-Agder toppar grillstatistikken, der 39 prosent av innbyggjarane grillar kvar veke.

28 prosent av innbyggjarane i Vest-Agder grillar ein til to gonger i veka, medan ni prosent grillar tre til fem gonger i grillsesongen.

Mindre grilling i nord

Det viser tal frå ei nasjonal undersøkjing frå Synovate og Opplysningskontoret for egg og kjøt.

Det er finnmarkingane som grillar færrast gonger i løpet av året, medan Noregs mest grillglade bur på Sør- og Austlandet.

– Det grillast mindre desto lengre nord i landet vi kjem. Mange ser nok på dette som ein vêravhengig avktivitet, utan at det betyr at det er mykje dårlegare vêr nordover i landet, seier Bjørn Tore Teigen i Opplysningskontoret for egg og kjøt.

Han trossar sjølv både snø og regn, og grillar ute heile året.

– Sosialt

– Dersom du har eit halvtak å grille under og ein god grill som toler ulike vêromslag, er det ingenting i vegen for å varte opp familie og vener med god grillmat i november, seier han.

– Grilling skal vere enkelt og ikkje minst sosialt. Prøv å nytte grillsesongen til å invitere over naboen eller gode vener til eit måltid som ikkje treng mykje førebuing, seier han.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 01 1,06 kr
Dyrest kl. 07 1,25 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 4,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %