NRK Meny
Normal

Dette bilete har teke av på nett

Frank Haughom og barna fanga eit vakkert bilete av fullmånen på ein fjelltopp i Sirdal.

Fullmåne i Sirdal

Dette bilete er det mange som har sett.

Foto: FRANK HAUGHOM

– Responsen har vore heilt utruleg. Vi har fått langt fleire tilbakemeldingar på dette bilete enn på andre vi har lagt ut. Det verkar som om det trefte veldig, seier Frank Haughom.

Fullmåne i Sirdal

Dette bilete tok Frank Haughom påskeaftan i fjor.

Foto: Frank Haughom

Ideen var det dottera Birgitte som kom opp med då dei var på skitur påskeaftan i fjor.

Då fullmånen steig opp stilte ho og broren Simen seg opp og «fanga» månen i hendene.

«Glapp» ut av hendene

I år kryssa dei av 23. mars i kalenderen for å fange fullmånen på kamera igjen.

Dei spente på seg skia og venta tolmodig på om fullmånen ville dukke opp som i fjor.

– Vi trudde kanskje at den ikkje ville komme. Men Simen har fått seg drone og sende den opp i lufta. Då såg vi månen komme, og det var berre å gjere seg klar, seier Haughom.

Då den raude månen dukka opp måtte dei vere effektive i mørket midt i fjellheimen.

– I løpet av eitt minutt «glapp» månen ut av hendene hennar. Det gjekk veldig fort, seier Haughom, som var usikker på om han hadde treft på blinkskotet heilt til han fekk det opp på pc-skjermen.

Frank, Simen og Birgitte Haughom

Frank, Birgitte og Simen Haughom i sitt rette element ute i naturen.

Foto: Privat

Fleire tusen «likes»

Dei fekk umiddelbar respons då dei publiserte bilete på Facebook-sida Sirdal i Bilder og på Instagram.

No har bilete fått fleire tusen likes og fleire hundre delingar i sosiale medier.

Haughom anbefaler andre om å komme seg ut i naturen for å oppleve fullmånen.

– Det er heilt fantastisk. Det er så fint og stille. Det er spesielt fin akkurat når det er i ferd med å bli mørkt, seier han.

Slik kan du ta månebilete

Etter bokstaveleg tala å ha fanga månen vart det ei litt «dramatisk» avslutning på turen. Hovudlyktene låg igjen heime.

– Vi sleit med å finne att ski og fotoutstyr, ler Haughom.

– Son min mista ei ski på veg ned. Så vi måtte innom ei hytte for å låne ei lykt for å finne den igjen. Så du kan seie at det vart ein minnerik tur, ler han.

På spørsmål om korleis andre kan ta liknande bilete har han følgjande råd:

– Det kan vere lurt å planlegge litt. Du må sjølvsagt kunne stille inn kamera med dei rette innstillingane. Så må du gå ganske langt ifrå personen du vil ta bilete av og zoome inn slik at månen vert større, seier Haughom.

– Så kan det nok vere lurt å bruke stativ, men det fekk vi ikkje med oss opp denne gongen, seier han.

Fullmåne i Sirdal

Simen og Birgitte Haughom kosar seg rundt bålet under fullmånen.

Foto: FRANK HAUGHOM

NRK Sørlandet har også delt bilete på Facebook og Instagram: