– Prisauken vert vurdert dagleg ut ifrå tilførsel og etterspurnad, men rekeprisen vil nok auke litt meir i juli, seier direktør i Skagerrak Fisk, Jørn E. Lian til Agderposten.
– Frå og med neste måndag vert prisen vi betalar fiskaren 93 kroner kiloen, det er den høgste nominelle prisen vi nokonsinne har hatt, seier Lian.
Vanskeleg å få tak i
Ifølgje ekspertar Agderposten har snakka kan det bli ein tøff sommar for rekefiskarane.
– Om sommaren sprer rekene seg utover fleire område. Det reduserer sjansane for god fangst. I tillegg er det større problem med manetar i trålen som sommaren, seier seniorforskar Halvor Knutsen ved Havforskningsinstituttet.
Også på Fiskebrygga i Kristiansand kan det vere vanskeleg å få tak i reker enkelte dagar.
– Prisen til fiskar har auka noko i forhold til i fjor. Tilførselen er mindre og etterspurnaden om sommaren er stor. Fiskarane har lågare kvoter i år enn i fjor, men kvoten er ikkje noko tak fordi dei ikkje får så mykje reker, seier Lian til NRK.no.
– Det er litt dyrt
I Kristiansand var Kirsten Salthaug innom Fiskebrygga for å kjøpe reker tysdag føremiddag. Kvitteringa viste over 1100 kroner.
– Det var jo mykje reker då, cirka 7,5 kilo. Men prisen er høg då. Det er det høgste eg har gitt, men slik er det. Eg veit jo at det er lite reker og dei er jo gode, seier Salthaug.
– Måndag skal prisen opp ytterlegare 10-20 kroner. Kva tenkjer du om det?
– Eg likar det jo ikkje, men eg kjem nok til å handle likevel. Eg har vel reker ein gang i veka heile året. Om vinteren er dei betre og billegare, men det høyrer jo med heile sommaren, seier ho.
– Sørlendingar er bortskjemde
Dagleg leiar ved Fiskeeksperten Reinertsen, Reidar Fredriksen, meiner spesielt sørlendingar er for godt vande når det gjeld reker.
– Vi er litt bortskjemde når det gjeld tilgang og prisar i forhold til mange andre stader i landet. Vi har reker på brygga same dag, som dei kjem inn. Andre stader må dei vente kanskje i to dagar, seier han.
Dersom du blir skremd av rekeprisane, eller ikkje får tak i ferske reker, fins det alternativ.
– Vi har noko som heiter teinefanga reker. Dei er fiska seint på våren og er mykje større enn ferske reker på denne tida. Det er mange som trudde de var ferske reker, dersom vi ikkje hadde sagt det, seier han.
Dersom rekefisket ikkje tek seg opp i åra framover, kan det bety ein ting, trur Fredriksen:
– Det kan hende vi må ete frosne reker på sommaren, dersom det ikkje vert større fangst enn det er no, seier han til NRK.no.