Hopp til innhold

Datakrøll skapte sjukehus-trøbbel

Datatrøbbel ved Sørlandet sykehus gjorde at pasientar fekk utsett behandling.

Årsaka til dataproblema var ei oppgradering av programvara for pasientjournalane. Dermed fekk ein ikkje innsyn i systemet ein treng for å lese journalar.

Datatrøbbelet førte til at enkelte pasientar vart sende heim.

– Har gått greitt

– Årsaka er at vi ikkje har tilgang til systemet. Noko dagkirurgi skal ha blitt ramma. Nokon har måtte vente lengre enn naudsynt, men alt i alt har drifta stort sett gått greitt, seier informasjonsrådgjevar ved sjukehuset, Johanne Tunaal-Larsen til NRK.no.

– Det har berre teke lengre tid enn det treng å ta, seier ho.

Det var store problem ved sjukehusa i Kristiansand og Arendal, men ikkje ved sjukehuset i Flekkefjord.

Undersøkjer

– No har vi jobba på spreng og det ser ut til at feilen er retta. Ting går no som normalt igjen, seier informasjonsrådgjevar Johanne Tunaal-Larsen til NRK.no.

– Klinikkane undersøkjer no med sine avdelingar korleis status er. Heilt hundre prosent garanti kan vi ikkje gi akkurat no. Men om kort tid har vi ein fullstendig oppdatert situasjon, seier Tunaal-Larsen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %