Hopp til innhold

Blir hengt ut om dei sit på «feil» bord i kantina

Ein vidaregåande skule i Kristiansand tar grep etter at elevar henges ut på nettstaden Jodel dersom dei sit på «feil» bord i kantina.

Nora Luktvassli Pedersen og Delia Stensland Haakonsen

Nora Luktvassli Pedersen og Delia Stensland Haakonsen går i VG2 på KKG vidaregåande skule i Kristiansand. Dei synest ikkje noko om bordkulturen i kantina deira.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

– Eg visste ikkje at det var regler for kva bord ein kunne sitte ved da eg starta her i fjor, så eg sette meg på feil bord og det blei ei stor greie på Jodel.

Nora Luktvassli Pedersen går VG2 på KKG vidaregåande skule i Kristiansand. Saman med venninna Delia Stensland Haakonsen har ho funne seg eit bord i kantina for å ete lunsj.

Dei fortel at det gjer status å sitte i kantina. På enkelte bord er det uskrivne regler for kven som har lov til å sitte der, og ikkje.

– Det er fleire som droppar siste time før lunsj for å få bord i kantina, så det er veldig viktig for nokon da, seier Delia.

Fædrelandsvennen skreiv om saka først.

Jodel-hets på KKG

På Kristiansand Katedralskole Gimle (KKG) er det uskrivne regler for kven som har lov til å sitte ved enkelte bord i kantina.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Anonym hets

I ein kanal på den anonyme chatte-appen Jodel blir ulike linjer ved KKG i Kristiansand utsett for hets fordi dei tilsynelatande har sette seg på bord som «høyrer til» nokon andre.

Fleire grupper får beskjed om å halde seg unna kantina.

Anonym kommentar på Jodel

Dette er ein av kommentarane som vart lagt ut på Jodel.

Foto: Skjermdump fra Jodel

Førre veke tok difor rektor Gunvor Birkeland grep, og sende ei melding til føresette.

» ... På skulen er vi opptekne av at vi skal ha eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø, og elevane trivst godt. Men no i skulestart ser vi at netthets på den anonyme chatteappen Jodel er eit problem, særleg i kantineområdet i midttimen. Det er fint om de der heime kan ta ein prat om dette.»

Rektoren seier at det generelt er god stemning på skolen og godt miljø, men at Jodel er blitt eit problem for skulen.

– Vi merka at det begynte å spisse seg til med anonyme meldingar, når det gjaldt plassering i kantina.

Det er 1600 elevar på skulen og berre 350 plassar i kantina. Rektoren trur det er noko av bakteppe for bord-kulturen.

No har dei tatt fleire grep.

– Vi løfter problemstillinga inn i alle klasserom og pratar med elevane om kva vi kan gjere for at alle skal ha det bra på skulen, og vi ber føresette diskutere dette heime.

Rektoren håper det vil komme noko positivt ut av at dette kjem fram.

– Eg trur det er positivt at dei som taust aksepterer dette no ser at dei kan bruke motstemma sin, og det er viktig, seier ho.

Jodel-hets på KKG, rektor Gunvor Birkeland

Rektor ved KKG, Gunvor Birkeland seier at det er eit fåtal av elevane som legg ut kjipe meldingar på Jodel, men at det er viktig å ta tak i hets på anonyme nettstader.

Foto: Ina Marie Sigurdsen / NRK

Droppar Jodel

Fleire klasser har no blitt einige om å droppe den anonyme nettstaden. Blant anna klassen til Pelle Justnæs.

– Jodel er nok eit stort problem i heile landet. Vi blei einige i klassen vår i dag om at alle skal slette Jodel. Om alle hadde sletta den hadde det blitt mindre styr rundt det, seier Pelle.

Jodel-hets på KKG, Pelle Justnæs

Pelle Justnæs og Mathias Gundersen går i 3 VGS. Dei er blant elevane som har «eige» bord i kantina men dei er ikkje på Jodel.

Foto: Elin Skaar / NRK

Prøver ikkje å bry seg

Dei to venninnene på VG2 er tydelege på at dei ikkje synest noko om «bord-kulturen» som rår på skolen deira.

– Eg synest det er veldig trist, spesielt for nye elevar. Eg syns det er barnsleg av dei som skriv på Jodel, seier Nora.

Saman med vener finn dei seg gjerne eit bord litt i utkanten av de mest «populære», og lev fint med det.

– Vi sit saman med venner og de vi liker og prøver å ikkje bry oss, seier Delia.

Elever ved KKG.

Nora Luktvassli Pedersen og Delia Stensland Haakonsen er ikkje opptekne av å sitte «riktig» bord i elevkantina.

Foto: Elin Skaar / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Sørlendinger bidro til historisk Uno-X-opprykk

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste