– Vi ser at dei store mengdene kjem over svenskegrensa. Det er nok hovudårsaka til nedgangen, seier seksjonssjef hos Tolletaten i Kristiansand, Helge Breilid til NRK.
Det vart mellom anna beslaglagt i overkant av 2,6 kilo cannabis i fjor, mot over 12 kilo året før.
Det går fram i Tollvesenet sin årsstatistikk for 2015.
Fryktar større beslag i år
Tollvesenet beslagla 149 gram amfetamin i fjor. Det er mykje mindre enn dei to siste åra. I 2014 var det teke over fem kilo amfetamin. Året før vart det beslaglagt over 13 kilo amfetamin i Kristiansand.
Men tollsjefen i Kristiansand trur trenden kan snu i løpet av 2016. Årsaka er at svenskane aukar kontrollane på grensa si mellom anna som følgje av flyktningstraumen.
– Det kan føre at vi vil sjå ei dreiing mot andre stader. Til dømes via danskebåten. Vi er spent på korleis dette vil slå ut, seier Breilid.
– I tillegg har tolletaten fått meir midlar og fleire stillingar til å ruste opp langs svenskegrensa. Både med tanke på tekniske installasjonar, overvakingskamera og slike ting, seier han.
Norges største beslag
Det største narkobeslaget Tolletaten i Kristiansand gjorde i fjor vart gjort på tampen i året.
Ein polakk (28) vart stoppa då han køyrde av danskebåten med ein minibuss. Mannen hadde med seg 1,6 kilo syntetisk narkotika. Det tilsvarar kring 20 000 brukardoser.
– Slike stoff kjem det meir og meir av. Dette var eit veldig stort beslag, faktisk det største i landet av denne typen, seier Breilid.
Det beslaglagt meir alkohol og sigarettar i fjor enn tidlegare. Totalt tok Tolletaten hand om nesten 13 000 liter øl og vin i fjor.
Det vart gjort beslag i over 1100 liter brennevin. Det er litt meir enn i 2014.