Hopp til innhold

Berre to hundredelar unna EM-kravet

Even Meinseth frå Grimstad sette ny personleg rekord på 100 meter under Folksam Challenge i Uppsala i Sverige.

Even Meinseth

Even Meinseth vann 100 meter i Sverige søndag. 10,72 er berre to hundredelar unna kravet til U20-EM.

Foto: Privat

Sørlendingen sprang inn til sterke 10,72 og vann 100 meteren suverent.

– Eg er veldig godt nøgd med dette. Målet var å få ei god tid og det klarte eg, seier Meinseth til NRK.

Tida er berre to hundredelar bak kravet til U20-EM som går i svenske Eskilstuna i sommar.

Kun fire er betre i landet

– Det var litt kjipt at eg ikkje klarte kravet når eg var så nær, men eg veit at eg har det inne, seier Sørild-løparen.

Meinseth si tid i Uppsala er den femte sterkaste tida på 100 meter i landet så langt i år. Jaysuma Saidy Ndure toppar statistikken med 10,28.

Målet til Meinseth denne sesongen er å sjå 40-talet på 100 meter.

– Klarer eg å komme ned på 10,40 er eg med i medaljekampen i NM, seier han.

17 år gamle Even Meinseth trenes av sin mor Sølvi Meinseth som fremdeles har norgesrekorden - 21 år etter at piggskoene ble lagt på hylla.

Sjå reportasje med Even Meinseth.

Mjaaland til topps på 800 meter

Meinseth føler seg sterkare enn nokon gong.

– Formen er mykje betre no enn på same tid i fjor. Eg føler eg har gjort ein god jobb i vinter.

19-åringen er son til Sølvi Meinseth som dominerte sprintdistansane i Norge på 80- og 90-talet. Ho har framleis den norske rekorden på 400 meter med tida 52,45.

Trine Mjaaland frå Kristiansand vann 800 meter i det same stemnet.

Tida 2.04,09 er eit stykke bak hennar personlege rekord på 2.01,67 frå førre helg.

Resultat 100 meter menn, Folksam Challenge

1. Even Meinseth (Sørild)

10,72

2. Yonathan Helsing (Sundsvalls FF)

11,37

3. Erik Holmberg (Rånäs 4H)

11,62

4. Oskar Motta (Upsala IF)

11,75

- Robin Nordkvist (Huddinge AIS)

DNF

- Akram Adinda (Upsala IF)

DNS

- Lion Martinez (Huddinge AIS)

DNS

Resultat 800 meter kvinner, Folksam Challenge

1. Trine Mjaaland (Kristiansand IF)

2.04,09

2. Anna Silvander (IFK Lidingö)

2.04,34

3. Laura Crowe (Ireland)

2.04,93

4. Mhairi Hendry (Great Britain)

2.05,59

5. Lovisa Lindh (Ullevi FK)

2.05,61

6. Ida Holm (Täby IS)

2.06,37

7. Karin Storbacka (Finland)

2.08,07

8. Linn Söderholm (Sävedalens AIK)

2.08,90

- Ewa Jacniak (Poland)

DNF

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %