Hopp til innhold

Ber om fire nye veker i varetekt

Retten ber om fire nye veker i varetekt for ein valdtektssikta 17-åring i Kristiansand.

Politi
Foto: Odd Rømteland / NRK

17-åringen er sikta for overgrep mot ein ni år gammal gut i Vågsbygd i Kristiansand. Politiadvokat Ingrid Thorsen i Agder politidistrikt er ikkje nøgd med retten si vurdering. Ho kravde fire veker forlenga fengsling, to med full isolasjon, og fire veker med medieforbod og brev- og besøkskontroll.

Vil anke

– Han blir fengsla i fire nye veker. Retten har funne at det er fare for øydeleggjing av bevis. Det er vi samde i, men retten har ikkje funne grunn til å ileggje restriksjonar. Difor vil vi anke, seier ho til NRK.

Overgrepet skjedde langs skulevegen ein måndag i januar. Det var skulen som varsla om episoden. Overgrepet skjedde utandørs berre få hundre meter frå Åsane skole, der guten gjekk.

Ventar på rapport

– Vi meiner det er viktig å ha ein viss kontroll på kven han har kontakt med frå fengselet. Difor vil vi anke den delen til Lagmannsretten, seier Thorsen.

No ventar politiet på rettsmedisinske testar frå Kripos.

– Dei har sagt at dei kan vere klare i løpet av ei veke eller to. Vi ventar og håpar at det blir prioritert. Det har vi og fått tilbakemelding på, seier politiadvokaten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %