Dei 14 evakuerte bebuarane vart frakta til Thon Hotell Arendal søndag morgon. Her vil kommunens kriseteam stille opp.
Varsla
- Kommunen sitt kriseteam er varsla om brannen, og dei vil gje naudsynt oppfølgjing på hotellet. Bygget skal no gjennomgåast av spesialistar for å få avklara om det er trygt. Vi må jsekke at konstruksjonane ikkje er skada på grunn av varmen, seier politibetjent Øyvind Gautestad til agderposten.no.
LES OGSÅ:
Brannårsaka, i brannen der ein 38 år gammal mann okom, er førebels ukjend. Det er usikkert kor tid bebuarane kan få komme tilbake til heimane sine.
- Politiet skal undersøke leiligheita der brannen starta. Dette betyr at bebuarane tidlegast kan komme heim søndag ettermiddag, seier han.