NRK Meny
Normal

Slaktar piggdekkavgift med eigen sang

Songaren Anders Støle Fidje frå Vigeland har skrive ein noko uvanleg sang. Han har rett og slett skrive ein sang med tittelen «ei konsekvensanalyse i tilfelle piggdekkavgift nokon gang blir innført i Kristiansand kommune».

Musikkvideo med Anders Støle Fidje som synger en sang om piggdekk-avgift

VIDEO: Sjå Anders Støle Fidje framføre «ei konsekvensanalyse i tilfelle piggdekkgift nokon gang blir innført i Kristiansand kommune».

– Det er altfor få som snakkar om piggdekkavgift i Kristiansand. Det er bra å tenke over kor bra vi har det her i sør. Vi treng ikkje å tenke på piggdekkavgift, som dei må forholde seg til inne i Oslo, seier han til NRK.

Ideen til sangen kom då kjærasten hans skulle kjøpe nye vinterdekk. Ho ville nemleg ikkje kjøpe piggdekk på grunn av dyr piggdekkavgift.

– Så fann eg jo ut at det ikkje er piggdekkavgift i Kristiansand. Det er eg jo glad for fordi eg meiner det er ei unødvendig avgift, seier Støle Fidje.

Likevel bestemte han seg for å skrive ein protestsang mot ei avgift som kan komme til Kristiansand i framtida.

– Eg trur vel eigentleg det kjem. Dette er ein sang med mest humor, men litt politikk, seier han.