Hopp til innhold

Arrestert med våpen på aldersheim

To menn på 32 og 33 år vart onsdag morgon arrestert inne i ein aldersheim i Vennesla.

Vennesla

Politiet vart først varsla om to væpna personar utanfor ein barnehage og aldersheim.

Politiet sende ut væpna patruljar og arresterte etter kort tid dei to personane inne på aldersheimen.

Den eine vart sett fri att kort tid etter, medan den andre vart teke med til avhøyr.

Pågripinga skjedde utan dramatikk.

– To personar skulle ha sin daglege dose med metadon. Dei hadde sett frå seg våpena utanfor i det dei gjekk inn på aldersheimen, opplyser politiet.

Politiet fekk raskt stadfesta at det var våpenkopiar.

– Ein jurist vurderer no kva vi skal gjere med saka, seier operasjonsleiar Agder-politiet Per Kristian Klausen til NRK.

Dei to er kjenningar av politiet.

Ifølgje politiet skal ikkje dei to ha truga nokon.

Laster Twitter-innhold

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %