– Eg ventar barn nummer to om ikkje lenge, og kunne gjerne tenkt meg å flytte nærare familien på Sørlandet, seier Andersen til fvn.no.
– Start er absolutt aktuelt om dei skulle vise interesse. Eg er open for det meste, seier han.
Ny klubb?
Forsvarsspelaren spelte for Start i 2005 og 2005. Totalt spelte han 25 kampar i gult og svart dei to sesongane. 1. juli står Andersen fritt til å snakke med andre klubbar.
– Om Strømsgodset hadde ønskt meg med vidare skulle eg tru at det i hadde teke kontakt no. Eg kan jo signere med ein ny klubb i løpet av veldig kort tid, men det kan godt vere at Godset kjem på bana. Då får vi sjå kva som skjer, seier han.
- LES: Start videre i cupen
Onsdag var Andersen på bana då Strømsgodset tapte mot nettopp Start i cupen.
Andersen har ei fortid i både Ørn-Horten, Jerv og Eik-Tønsberg. 31-åringen kjem opprinneleg frå Grimstad. Sjølv har han lyst på fleire sesongar i eliteserien.
– Han er interessant
– Det er ikkje snakk om å trappe ned førebels. Eg håpar eg har litt meir å gi i eliteserien først, seier han.
Administrerande direktør i Start Sveinung Hovstad vedgår at Andersen er interessant for sørlandsklubben.
– Glenn Andersen er heilt sikkert ein aktuell mann for oss, men akkurat no fokuserer vi på laget for 2011 og på det som skal skje i det kommande overgangsvindauget. Då er han under kontrakt, men Glenn er ein god spelar, som vi følgjer med på, seier Hovstad til avisa.