Alvorleg skada etter trefelling
Ein mann i 50-åra er alvorleg skada etter at han fekk ei kraftig eikegrein i hovudet under trefelling. Uhellet skjedde i Lyngdal tysdag føremiddag. Mannen får no behandling på sjukehuset i Kristiansand. Arbeidstilsynet er kopla inn i saka.