Hopp til innhold

– Stolheisar er livsfarleg i kulda

Hovden skisenter må stengje stolheisen i periodar på grunn av kulda. Dei fryktar at folk skal fryse ihjel dersom heisen stoppar.

Stolheis

MÅTTE STENGJE: Hovden Skisenter måtte stengje stolheisen i kulda. Frykta for at folk skal fryse ihjel ved teknisk stopp er stor. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg håpar vi snart får det litt mildare, seier driftssjef ved Hovden Skisenter, Konrad Byklum til NRK.no.

2. juledag vart det sett ny kulderekord i desember på Hovden med 33 minusgrader. Med under 30 minusgrader vart det ein sikkerheitsrisiko å la folk sitje i stolheisen. Dermed var stolheisen stengd i fleire timar.

Må kunne evakuere

– Vi vurderer det ut ifrå utetemperatur og kva vind som er. Så må vi finne ei passeleg grense slik at vi veit at vi klarar å evakuere ein stolheis viss det måtte skje, seier han.

Også i dag må nok stolheisane stå nokre timar, trur Byklum.

– Det vert mest truleg av vi ligg på 30 minusgrader på morgonkvisten. Stolheisane blir nok ikkje køyrt før litt ut på dagen i dag. Det er dessverre ikkje noko anna å gjere, men vi trur at gjestene forstår at ein må la sikkerheita gå føre, seier han.

Sel lite billettar

Kulda verkar og inn på billettsalet på skisenteret. Søndag selde dei omlag ein femdel av normalt.

– Så langt i jula har det vore veldig lite på grunn av det med kulda. Så eg trur nok den har ein viss innverknad, seier Byklum.

Han forstår at folk held seg unna i kulda, og seier det hender at dei stoppar folk som er for dårleg kledd.

– Stikk i ansiktet

– Folk bør ha ansiktsmasker når dei sit i stolheis og når dei renn. Det stikk veldig i ansiktet når du kjem over 25 grader. Så det skal ikkje mykje til føre ein kan få lettare forfrysningar, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Sørlendinger bidro til historisk Uno-X-opprykk

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste