Hopp til innhold

– Steinane fauk bortover

Bebuarar ved Oselia i Froland er uroa etter eit nytt sprengingsuhell i nabolaget. No fryktar naboane at liv kan gå tapt.

Video Fryktar for liva sine etter sprengingsuhel

– Når det small fauk steinane bortover husa og trefte garasjen vår, seier Aslaug Skeimo Sparsås til NRK.no.

– Vi blir veldig urolege. Ein veit jo aldri om den treff ein person. Ein veit jo ikkje aldri kvar alle folk er, seier ho.

Fauk fleire hundre meter

Sprengingsuhellet skjedde tysdag ettermiddag. Noko gjekk gale og steinar fauk fleire hundre meter. Naboane har fleire gonger opplevd liknande.

Entrepenøren forstår at naboene er engstelege, men hevdar dei har sett i verk tilstrekkelege sikkerheitstiltak under sprenginga.

– Når du driv med sprenging kan det alltid skje avvik og uhell. Eg vil karakterisere dette som eit avvik. Det er ei uønskt hending som heller ikkje skal skje. Skytebasen vår har gjort ting riktig og sett faren på førehand, seier Lars Thorbjørnsen.

Har skjedd tidlegare

– Det var ingen folk i nærleiken og ingen fare for liv og helse. Men sjølvsagt, det skal ikkje komme stein ut av ei salve. Så vi må ta våre forholdsreglar. Vi må ta dette alvorleg. Vi skal gjere alt vi kan for at dette ikkje skal skje på nytt, seier han.

Entrepenøren stadfestar at liknande uhell har skjedd tidlegare, men at det har vore med andre sprengingsfirma.

– Vi har skrive risikovurdering og dei dokumenta vi skal gjere i forkant. Vi har evakuert husa som vi meinte var i fare, eller som var utsett, dersom det kunne komme ein stein, seier Thorbjørnsen.

Etterforskar saka

Politiet har no sett i verk etterforsking av saka. Førebels er det ingenting som tyder på at entrepenøren har gjort noko ulovleg.

– Vi har ikkje konkludert endå. Vi har snakka med entrepenøren og spreningsbasen og fått deira versjon. Så skal vi snakke med bebuarane for å høyre korleis dei har opplevd hendinga, seier politiførstebetjent Ove Gundersen ved Froland lensmannskontor.

– Så langt kan vi ikkje sjå at det er gjort spesielle feil frå entrepenøren si side, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %