Hopp til innhold

– Reiser til Tromsø med sjølvtillit

Start-spelar Espen Hoff er optimistisk føre bortemøtet med Tromsø søndag. Han fortel om ei spelargruppe med sterk tru på siger etter fleire gode resultat.

Start-spiller Espen Hoff forteller om en spillergruppe med selvtillit før den viktige kampen mot Tromsø på Alfheim søndag.

VIDEO: Espen Hoff har tro på tre poeng mot Tromsø.

– Vi gler oss. Vi har vore inne i ein periode der vi har plukka mange sårt trengde poeng. Vi reiser til Tromsø med meir sjølvtillit enn vi hadde tidlegare i sommar og med godt mot om å klare å vinne der oppe, seier Hoff til NRK.

Start er det store formlaget i eliteserien og har spelt fire kampar på rad utan å tape. Laget har plukka 10 poeng av 12 moglege på dei fire siste.

Kan sikre luke

Det gjer at Tromsø ligg tre poeng bak Start før søndagens oppgjer. Med siger kan sørlendingane sikre god avstand til nedrykk og kvalifisering.

– Men med tap så er nervane minst like sterk som den har vore heile vegen. Det ligg kanskje litt ekstra spenning i kampen, vedgår angrepsspelaren.

Frå 19. april til 11. august spelte Start heile 15 kampar på rad utan å ta poeng. Vendepunktet kom då laget noko overraskande slo Vålerenga 3–1 på Ullevaal.

– Når ein har slite så lenge og jobba heile vegen mot å komme på beina igjen og byrjar å verkeleg få betalt, så spreier det tryggleik og sjølvtillit i gruppa, seier han.

Sist siger i 1995

– Det er ein eigentleg heilt avhengig av på dette nivået dersom ein ynskjer å gjere det bra og overleve. Det er lettare no når prestasjonane er betre, seier Hoff.

Vi må heilt tilbake til 1995 for å finne sist Start slo Tromsø på Alfheim. Den statistikken er Hoff sugen på å bryte.

– Heldigvis spelar ikkje statistikken noko rolle søndag. Vi byrjar med blanke ark. Vi er klar over at det er ein vanskeleg bortekamp, men det er det for alle lag. Men vi har moglegheit til å bryte den statistikken, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %