NRK Meny
Normal

– Mads gav heile gruppa ny energi

Start-trenar Mons Ivar Mjelde meiner at Mads Stokkelien sitt comeback i gult og svart kan bli viktig i kampen om å sikre plassen i eliteserien.

Mads Stokkeliens comback i Start har gitt en umiddelbar effekt i laget, mener trener Mons Ivar Mjelde. I dag kunne 25-åringen fra Kristiansand igjen ikle seg den gule og svarte drakta.

Sjå reportasje frå Stokkelien si første trening med Start.

– Eg såg at det gav umiddelbar effekt i gruppa med ny energi. Mads er ein positiv gut som likar å spele fotball og likar å kle seg i gult. Han vil gje gruppa ny energi, seier Mjelde til NRK.

Mads Stokkelien

Mads Stokkelien var tilbake på trening med Start fredag.

Foto: Geir Ingar Egeland/NRK

– Forhåpentlegvis klarer vi å gjere Mads bra med å servere han med gode innlegg. Han er ein av dei giftigaste spelarane i og rundt motstandaren sin boks, seier trenaren.

Stokkelien går truleg rett inn på Start-laget som skal møte Strømsgodset på bortebane søndag. Spissen går rett inn på eit lag som er i poengnaud etter fem strake tap.

– Har sett mørkare ut før

– Eg ser positivt på situasjonen. Vi er framleis over nedrykksstreken og har ti kampar att. Eg har vore med på liknande tidlegare. Det har sett mørkare ut før, så eg ser på dette som ei fin greie. Det er hyggeleg å vere med på å bidra dei siste kampane, seier Stokkelien.

25-åringen forlét Start i 2012 då han skreiv under for bærumsklubben Stabæk. Dei to siste sesongane har han spelt i New York Cosmos i USA.

– Eg har halde meg i god form, trent godt og har hatt eit fin oppleving i USA. Eg kjenner Start godt frå før, så det er ikkje nokon stor overgang å komme tilbake til Start, seier han.

Trur han er ein betre spelar

– Eg har fått nokon år bak meg sidan sist. 25 år er ein god alder å vere fotballspelar. Eg har fått ein del rutine og vel å tru at eg har blitt ein betre fotballspelar på desse åra med ulike opplevingar i ulike klubbar, seier Stokkelien.

Spissen skal kombinere toppfotball med studiar. Stokkelien held på å utdanne seg til tannlege.

– Det blir litt pendling til Oslo, men eg skal sjølvsagt vere med på dei aller fleste treningane, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..