Hopp til innhold

– Hugsar ingenting frå drapet

Forsvararen til den drapssikta 21-åringen i Mandal seier at mannen ikkje kan hugse noko frå sjølve drapet. Men mannen erkjenner at han står bak drapet.

Drapsoffer fraktes bort

HUGSAR IKKJE: Den sikta 21-åringen hevdar han ikkje hugsar noko frå sjølve drapshandlinga natt til torsdag.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

– Når det gjeld sjølve knivstikkinga hugsar han ikkje noko av det. Han hugsar kva som har skjedd før og kva som har skjedd rett etter. Men han har total blackout frå tidsrommet der det fatale skjer, seier advokat Sveinung Søndervik Johnsen til NRK.no.

Sveinung Søndervik Johnsen

FORSVARAR: Advokat Sveinung Søndervik Johnsen seier at den sikta 21-åringen hevdar han ikkje hugsar noko frå sjølve drapet.

Foto: NRK
Politiadvokat Terje Kaddeberg Skaar

ETTERFORSKAR: Politiadvokat Terje Kaddeberg Skaar orienterte pressa om drapet på ein pressekonferanse torsdag føremiddag.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Det var natt til torsdag at ein 22 år gammal mann vart knivstukke og drepen på ein fest i ei leilegheit i Mandal sentrum.

Erkjenner drapet

Den sikta 21-åringen har erkjent at han står bak drapet, men har inga forklaring på kvifor, ifølgje advokaten.

– Det er kort og godt, som han seier, slik gjer ein berre ikkje. Han er sterkt nedbroten og forstår eigentleg ingenting, seier advokaten.

– Kjenner du til at det har vore ei konflikt i forkant av drapshandlinga?

– Det har vore noko som har skjedd før drapshandlinga. Men det som skjedde før drapshandlinga var likevel ikkje slik at det skulle utløyse det som seinare skjedde, seier Søndervik Johnsen.

Var rusa

På ein pressekonferanse torsdag føremiddag fortalde politiet at det hadde vore ein krangel i forkant av drapet. Etter krangelen skal 21-åringen ha gått til angrep på offeret, som opphavleg er frå Kroatia.

– Sikta har vore rusa. Også vitne har vore rusa i ulik grad. Det er ikkje kjent for oss om det er nokon spesiell relasjon mellom offer og sikta, sa politiadvokat Terje Kaddeberg Skaar til NRK.no torsdag.

– Eg kan stadfeste at det har skjedd noko før sjølve drapshandlinga, utan at eg vil gå nærare inn på det. Men det var ikkje min klient som starta det. I byrjinga var han heller ikkje nokon aktiv deltakar i det, seier forsvararen til den sikta 21-åringen.

Vitne melde ifrå

Politiet var varsla om drapet i halv firetida natt til torsdag. Det var vitne i leilegheita som melde ifrå. Det vart straks sett i verk livreddande arbeid, men ein time seinare var han erklært død på staden.

Den drepne 21-åringen var kjent av politiet som rusmisbrukar.

I løpet av torsdag vart fleire vitne avhøyrt i saka. I tillegg jobba krimteknikarar frå politiet intenst med å sikre spor i heile går.

Knivdrap i Mandal

– EKKELT: Lokalbefolkninga i Mandal tykkjer det er ekkelt med to knivdrap på eit drygt år.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

Skaka over nytt drap

Knivdrapet i Mandal natt til torsdag var det andre på berre eit drygt år. I mars i fjor vart ei 28 år gammal kvinne drepen med kniv av ekskjærasten sin.

– Eg tykkjer det er litt vilt at det skjer slike drastiske og fæle ting her i vesle Mandal. Det er skummelt, seier Helene Gumpen.

– Det er tragisk og trist tykkjer eg, seier ein annan innbyggjar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %