– Frykteleg uansvarleg å setje fyr

Brannvesenet vurderer å melde ein person til politiet etter ein skogbrann på Sørlandet fredag. Personen sette fyr på ein skråning sjølv om det er knusktørt i området.

Skogbrann i Kvinesdal

SKOGBRANN: Brannvesenet var ute med fem brannbilar for å sløkkje skogbrannen i Kvinesdal. Laurdag føremiddag var brannen sløkt. Opp mot 200 mål kratt og skog kan ha brent opp.

Foto: Geir Egeland/NRK

Skogbrann i Kvinesdal

BRANN: Det brann godt i Kvinesdal i natt.

Foto: Geir Egeland/NRK
Tor Oddvar Torkildsen

FRUSTRERT: Tor Oddvar Torkildsen i Brannvesenet Sør er frustrert over at folk fyrer opp trass i at det er knusk tørt.

Foto: Mari Ann Albrektsen/NRK

– Det er såpass opplyst og informert om at det er tørt, og når folk likevel fyrer opp er det frykteleg uansvarleg, seier Tor Oddvar Thorkildsen i Brannvesenet Sør til NRK.no.

Roa seg i natt

Det var ved 19-tida fredag at brannvesenet vart varsla om skogbrannen på Kvinesheia i Kvinesdal. Brannvesenet hadde problem med å få kontroll over brannen på grunn av vanskeleg terreng og forlot området i natt.

– Det vart kaldare og det vart rim på bakken, så brannen roa seg i løpet av natta. I løpet av laurdag føremiddag fekk vi sløkt brannen. No held to personar på med ettersløkkjing, seier han.

Ifølgje Yr.no si oversikt over skogbrannfare er det særs tørt fleire stader i landet. Både i Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland og Hordaland vert det rapportert om meget stor skogbrannfare.

– Ekstremt tørt

– Det er heilt ekstremt tørt. Det er omtrent like tørt som då Frolandsbrannen starta for nokre år sidan, seier Thorkildsen.

Totalt 27 000 mål skog vart øydelagd i det som var tidenes største skogbrann i Norge.

Thorkildsen seier at mellom 150 og 200 mål skog og kratt brann opp i Kvinesdal.

– Når dei veit at det er så tørt er det utruleg at det går an å setje i gang med slikt arbeid. Difor vurderer vi å melde saka til politiet, seier han.

Skogbrannfare på yr.no

TØRT: Yr.no si oversikt over skogbrannfaren viser at det er særs tørt fleire stader i landet.

Foto: Skjermdump: yr.no