Hopp til innhold

– Det er heilt katastrofe

Fylkesleiar i Norges Lastebileier-Forbund i Vest-Agder reagerer sterkt på at E39 var stengt i nesten åtte timar torsdag.

Vogntog

Denne velten gjorde at E39 var stengt i nesten åtte timar torsdag.

Foto: Torbjørn Steiro

– Vi kan ikkje tillate at ein såpass sterkt trafikkert veg som E39 skal stengast i åtte timar på ein dag. Det har jo vore kaos der oppe i heile dag.

Det seier Kjell Nilsen frå forbundet. Han meiner situasjonen som oppstod var langt frå trygg.

– Det er eigentleg ei katastrofe at vi skal ha ein Europaveg gjennom fylket, og så kan vi vere så sårbare. Det er heilt forkasteleg.

– Det går ikkje an

Strekninga mellom Kristiansand og Stavanger er ei av dei mest vogntog-belasta vegane i landet.

Han meiner bergingsselskapet burde fått vogntoget som velta så fort ut av vegen som mogleg.

– Eg synest ikkje det går an. Som regel når eit 40–50 tonns vogntog veltar på vegen så blir det så stor skade at det er snakk om total-havari uansett. Og då burde dei iallfall kunne fått bilen ut av vegen slik at ein kan kome forbi i ei køyrebane.

Blei bedt om å vente i fleire timar

Han hadde sjølv to vogntog som skulle køyre strekninga, som blei bedt om å vente i fleire timar.

– Dei skulle opp på Helleland og blei informert om at dei kunne køyre til Sira fordi vegen var opna i eitt felt. Då dei kom til Sira fekk dei beskjed om at dei måtte vente i tre timar, for då hadde dei byrja å berge bilen.

Han meiner alternativa var dårlege.

– Eg meiner dei kunne køyrt om Tonstad, men det er jo ein dårleg omkøyringsveg då det både er smalt, svingete og mykje utanlandske sjåførar på den vegen. Og då blir det kaos der òg, hevdar han.

Nedringt av irriterte bilistar

Agder-politiet vart nedringde av irriterte bilistar då vegen blei heilt stengt igjen torsdag ettermiddag.

– Det hjelper ikkje å ringe oss. Folk må rett og slett vere tolmodige, sa operasjonsleiar Martin Ugland.

– Dette viser igjen kor stort behov det er for ny veg, sa han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %