– Folk overvurderer si eiga evne til å kunne oppdage dyra, fortel nasjonal fagkontakt for vilt og dyrepåkøyrslar i Statens vegvesen Henrik Wildenschild.
Ifølgje SSB, vart 7270 rådyr drepne av bil i Noreg i fjor. Det er ein auke på 7 prosent i forhold til året før.
Over 450 av dei vart påkøyrde i Agder.
Ifølgje Wildenschild kan auken ha ein samanheng med at dyrebestanden har auka eksplosivt nokon stader.
Det kan skyldas at Noreg har lite rovdyr igjen i naturen, som dermed ikkje er ein like stor trussel for rådyr og hjort lengre.
Nasjonal fagkontakt for vilt og dyrepåkøyrslar i Statens vegvesen Henrik Wildenschild.
Foto: Ole AasheimTa omsyn til skilt og køyreforhold
Wildenschild fortel at det er viktig å ta omsyn til fareskilt langs vegen.
– I tillegg burde ein ha respekt for vêret, køyre forsiktig om det regnar, er glatt eller mørkt. Dårlege forhold som påverkar tryggleiken, skal takast på alvor.
Trafikktryggleiksavdelinga i Statens vegvesen har hatt fokus på å få ned tala i mange år og har testa ut fleire ulike løysingar.
– Det einaste vi ser som har ein ordentleg god effekt for å få ned antal påkøyrslar, er å roe ned farten. Då har ein kortare bremselengd, seier Wildenschild.
Elg kryssar vegen.
Foto: Karianne ThøgerDet Statens vegvesen no har som nasjonal tiltaksplan for trafikktryggleik, er å ha teststrekningar for å sjekke korleis bilistar handterer fartsgrenser.
– Vi har testa dette fordi vi både i inn- og utland har prøvd å finne svar på korleis vi kan få ned tala på påkøyrslar langs vegen. Dette blir no eit nytt forsøk, fortel Wildenschild.
Han legg til at den tida på døgnet då dyra flyttar på seg, ofte er då det er mest rushtrafikk.
Oppmodar til å melde frå om påkøyrslar
Skadeførebyggjar i Fremtind Forsikring Therese Hofstad-Nilsen, seier det er viktig å ta på refleksvest og setje ut varseltrekant om ei ulykke hender.
– Då bidreg du til å tryggje deg sjølv og andre.
Bil øydelagt etter elgppåkjørsel.
Foto: Målselv ViltnemdHofstad-Nilsen oppmodar bilistar som har køyrt på vilt til å melde frå til politiet på 028100 eller til Viltnemda.
– Viss du melder ifrå til politiet eller Viltnemda vil du ikkje få bonustap, og du reduserer også eigeandelen din med inntil 6000 kroner. Dette gjeld for dei som har forsikringsavtaler.
Ho seier det aller viktigaste er å gi beskjed for å kunne vareta dyret på best mogleg måte. Nokon av dei må avlivast.
Det er Viltnemda som er ansvarleg for å ta seg av skadde eller døde dyr.
Skadeforebygger Therese Hofstad-Nilsen i Fremtind. Foto: Fremtind
Foto: Pressefoto30 elg, 16 hjort og 456 rådyr
30 elg, 18 hjort, og 456 rådyr blei påkøyrt i jaktåret 2022/2023 i Agder fylke.
Viltekspert i Agder fylkeskommune Katrine Skajaa Gunnarsli, fortel at dei jobbar med problemstillinga.
– Vi er i gang med arbeid for å lage ein strategi for viltforvaltning i Agder, der vi ønskjer å unngå flest mogleg skader på dyr og menneske.
Viltekspert i Agder fylkeskommune Katrine Skajaa Gunnarsli
Foto: Vetle Hjortland / NRKAgder fylkeskommune hadde ein kampanje i haust der dei delte ut 70.000 viltband i Agder, som fekk veldig god respons.
Viltbanda gir informasjon om kva bilførarar skal gjere dersom dei er uheldige og køyrer på eit dyr.