NRK Meny
Normal

2000 kundar utan straum i Lillesand

2000 straumkundar i Lillesand mista straumen to gonger onsdag ettermiddag.

– No er det dessverre slik at dei som hadde straumbrot tidlegare i dag opplevd at straumen forsvann igjen no rundt halv seks, sa informasjonsansvarleg Realf Ottesen til NRK.

Men få minutt etter intervjuet var straumen igjen tilbake. Straumen forsvann første gang rundt klokka 14 i dag.