NRK Meny
Normal

15 tekne i narkotika-aksjon på Hovden

Politiet har pågripe og sikta 15 personar for bruk, besittelse og sal av narkotika. Personane vart pågripne på vinterdestinasjonen Hovden i løpet av helga.

Hovden fra luften

Hovden er ein populær vinterdestinasjon.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

– Ein stor del av dei jobbar innan servicenæringa på Hovden. Det er og tilreisande som er tekne, seier lensmann i Valle og Bykle, Dag Hovden til NRK.

Bykle er ein liten kommune øvst i Setesdal med under tusen innbyggjarar. I vintersesongen vert innbyggjartalet mangedobla med tusenvis av skituristar.

Dag Hovden

Dag Hovden er lensmann i Valle og Bykle.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Vi har jobba mot det aktuelle miljøet over tid og har avdekt ting som gjorde at vi fekk grunnlag til ransaking og pågriping, seier Hovden.

Etter det NRK kjenner til var eit titalls polititenestemenn med på aksjonen.

Ein mindreårig

Ifølgje ei pressemelding frå politiet var det største enkeltbeslaget på 125 gram hasj. Totalt vart i underkant av 300 gram hasj beslaglagt.

Det var også beslaglagt amfetamin, metamfetamin, marihuana og piller.

Dei fleste av dei pågripne er mellom 21 og 55 år.

Ifølgje politiet var ein av dei pågripne under 18 år. I pressemeldinga går det fram at saka vert følgt opp av lokalt politi og barnevern.

Agder-politiet fekk også bistand frå Oslo politidistrikt under aksjonen fredag og laurdag. Det vart også brukt narkotikahund.

Utelukkar ikkje fleire pågripingar

Politiet utelukkar ikkje at fleire vert pågripne i saka og held fram etterforsking.

Nokre av dei pågripne har allereie vedteke førelegg.

Dei vil også ta kontakt med servicenæringa på Hovden.

– Først må vi få eit fullstendig overblikk, så blir det nok å gå i dialog med næringa på Hovden. I tillegg skal vi følgje opp personane og ha fokus på problemområdet framover, seier Hovden.