Hopp til innhold

130 væpna soldatar øver på terror

Over 100 heimevernssoldatar pregar bybilete i Kristiansand onsdag og torsdag.

Den årlige HV-øvelsen foregår i disse dager i Kristiansand Havn, der de øver på å motstå eventuelle terrorangrep.

Liasonoffiser Knut Olav Tveit og områdesjef Kvadraturen HV-område Stig Vang.

– Vi ser etter mistenkelege folk som prøver å komme seg inn på området og kanskje plasserer ut sprenglegemer, og folk som følgjer med på oss for å kartlegge aktiviteten her nede, seier områdesjef for Kvadraturen HV-område, Stig Vang til NRK.

Det er plassert ut soldatar i alle portane inn til hamna i Kristiansand.

Væpna soldatar patruljerer i gatene for å avdekke fiendar.

Øver på krise

Beredskapen i Kristiansand hamn er på topp.

Politiet har måtte be Forsvaret om bistand på grunn av auka risiko for terror og sabotasje. Noko politiet ikkje har ressursar til å takle sjølv.

Denne gangen er det øving. Heimevernet gjennomfører si årlege øving i Kristiansand hamn.

– Det er veldig viktig for oss å øve på det som er vårt reelle oppdrag i tilfelle det skulle bli krise og krig, at vi har trent på det som er reelt, seier Vang.

HV-soldater i Kristiansand havn
Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

Kring 130 soldatar

Målet under øvinga er å sikre at aktiviteten i hamna går som normalt.

Kring 130 heimevernssoldatar deltek i øvinga. Blant anna har alle vogntog som kom i land med danskeferja blitt kontrollert.

Ifølgje områdesjefen er norske hamnar spesielt viktige i ein krisesituasjon.

– Difor må vi trene for å bli kjende på objektet vårt Kristiansand hamn for å kunne løyse vårt militære oppdrag best mogleg, seier han.

Overvakar hamna

Med auka terrortrugsel og terrorangrep i Europa meiner han det er ekstra viktig å vere budde.

– Det er klart at det er absolutt mykje meir reelt. Spesielt med terror i ei hamn for å hindre alminneleg ferdsel, seier han.

Også representantar frå hamna deltek i øvinga. I ein krisesituasjon skal Kristiansand hamn bemanne ein båt som overvakar hamna frå sjøsida.

– Vi observerer og rapportere alt frå mistenksam trafikk til å sjekke kaiene før anløp. No har vi fått beskjed om å ligge mellom ferjeterminalen og kai 21 som er området som kan vere utsett, seier hamneinspektør i Kystverket, Govert Kaaløy.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Sørlendinger bidro til historisk Uno-X-opprykk

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste