Fråteken førarkortet
Politiet har beslaglagt førarkortet til ein bilførar etter ei trafikkulykke på Engekjærveien i Arendal. Bilen han køyrde kom over i motgåande køyrefelt og trefte ein møtande bil. Ein person vart send til sjukeshus. Skadeomfanget er ikkje kjent.