Sjølv om snøen framleis ligg i store deler av fjellet, hindra det ikkje at Det norske turlaget sine hytter opna sommarsesongen i helga.
- Les også:
- Les også:
Spesielt med yoga på fjellet
Og det er lett å tenkje å at det dreier seg om lange fjellturar og gode middagar på slike helger.
Men det er berre kreativiteten som set grenser for kva ein kan gjere i fjellheimen, og på Sota Sæter var dei i det meditiatve hjørnet opningshelga.
- Det blir ei heilt anna oppleving med yoga til fjells. Her i Breheimen er sommaren for alvor på frammarsj og du kjenner det verkeleg på lufta. Ein kan føle sola varme kroppen og det er noko heilt spesielt med den energien som er på fjellet, seier yogainstruktør Ina Løvdal.
Saman med ni deltakarar har ho drive treningsøkter før frukost. Så har det vore rett på tur med yoga i baggasjen.
- Ein får ei mykje tettare kontakt med naturen og all livskrafta som er der, seier Løvdal.
- Les også:
Ingen middagskos før ny yogarunde
Etter endt fjelltrim har det vore ny økt før middag og deretter yoga i solnedgangen.
Ho seier stadig fleire vel å trekke yogaen ut i naturen.
- Målet med yoga er å komme i den mediditative tilstanden der ein tømmer hovudet. I Norge går vi gjerne på tur for å tømme hovudet, medan ein i Austen har lærst seg pusteteknikkar for det same formålet. Her prøver vi å kombinere dei to, seier ho.
Vertinne Jorunn Svingen har aldri prøvd yoga før, men meiner Sota Sæter må vere eit ideelt utgangspunkt for meditasjon og avslapping.
Topptur i snø
- Det har vore knallfint vêr, og vi hadde fjelltur opp på Tverrådalskyrkja på 2088 meter over havet. Det var litt snø på toppen, så vi var litt spente på korleis det skulle bli. Men det var rett og slett nydelig, strålar vertinna.
Og ho er klokkeklar for sommarsesongen.
- Det er på tide med fint vêr no etter den kalde våren, det meiner eg vi fortener. Og denne helga lova godt.
Smak av sommar og det var lyst og fint. Vi håpar at vi fpr ein kjempefin somar. Det fortener det etter ein kald vår.