Nils Peder Thommesen på Bliksvær
Foto: Torje Bjellaas / NRK

På nygrodde stiar

BLIKSVÆR (NRK): Det unike lyngheilandskapet langs heile kysten av Norge er i ferd med å gro igjen og forsvinne. Det vil Nils Thommesen gjere noko med.

– Det var jo veldig lite skog, og det som kom opp blei jo ete opp av dyra. Om ikkje sauane åt det, så åt kyrne det, og omvendt. Det var eit heilt anna, ope landskap og eg sakna det.

Barndommens paradis var i ferd med å gro igjen. På sine godt vaksne dagar kunne ikkje Nils Thommesen lenger sitje å sjå på dette. Han la selgarjobben på hylla, flytta heim til øya Bliksvær og har gjort avtale om at det skal kome sauer til Bliksvær igjen.

Han fjernar tre og busker og vil eigenhendig sørge for at det unike kystlandskapet, lyngheia, kjem til sin rett igjen. Gjerder og beitemark skal på plass.

Bliksvær

– Dei blei eit anna lys, det er ikkje naturleg at øya skal vere ein overgrodd, grøn dott ute i havet her. Vi skal kunne sjå fjella, og dei fine steinmorenene som ligg rundt omkring. Eg kjempar for å få landskapet tilbake, og eg tek tre for tre, seier Thommesen og startar motorsaga.

Lyngheia kan forsvinne

I fleire tusen år var store område langs kysten vår lynghei. Det budde folk i kvar ei vik, på øyer og holmar. Lyngheia var beitemark for dyra, og landskapet var ope og verdifullt. Både for fiskarbøndene – og for alle plantene, fuglane og dyra.

– For å setje det litt i perspektiv så har vi kanskje ikkje meir enn 10 prosent att av det som var lyngheier for 100 år sida. Kystlyngheiene har jo forsvunne mykje raskare enn den norske villmarka, seier botanikar og Norges fremste ekspert på lynghei, Mons Kvamme.

Han har sett det som si livsoppgåve å få det tradisjonsrike landskapet tilbake i størst mogleg grad. Men det krev mykje, for landskapet grodde igjen då menneska forsvann frå husa og markene.

– Rasjonalisering i landbruk og fiskeri som råka kysten etter krigen, gjorde at denne tradisjonelle livsstilen med små gardsbruk og små fiskebåtar spreidd utover og folk som brukte lyngheiene, forsvann. Dermed byrja desse lyngheiene nokså fort å gro att.

Mons Kvamme

OPTIMIST: Få kjenner lyngheilandskapet som botanikar Mons Kvamme.

Foto: Privat
Lyngbrenning

BRENN FOR LANDSKAPET: Lyngbrenning har i generasjonar vore ein effektiv måte å forvalte lyngheilandskapet på.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Regjeringa vil ha landskapet

Arbeidet til dei få bøndene som er att langs kysten og fagmiljøa bêr frukter. I mai i år bestemte regjeringa at kystlyngheia har blitt ein naturtype som skal takast vare på, forvaltast og utviklast.

Vedtaket omfattar 388 viktige og 284 svært viktige lokalitetar med eit samla areal på 834 kvadratkilometer frå sør til nord i Norge.

– Ein uerstatteleg del av det norske naturlandskapet kan gå tapt. Kystlyngheia får difor eit stempel som seier at den er viktigare enn annan natur, sa klima- og miljøminister Tine Sundtoft i mai.

Botanikar Mons Kvamme er glad for at også regjeringa no ser verdien av å ta vare på eit landskap som sidan steinalderen har vore med på å forme den norske sivilisasjonen.

– Det er fullt mogleg å stogge attgroinga. Mange stader er attgroinga krattskoglandskap, og ein innsats med rydding, brenning og fornuftig beiting, så klarer ein å gjenskape lyngheiene, meiner Kvamme.

Nils Peder Thommesen

VIL ENDRE: Nils Thommesen er den siste fastbuande på øya Bliksvær utanfor Bodø. No vil han ta tilbake landskapet.

Foto: Torje Bjellaaas / NRK

Fuglane forsvinn

Men utan innsatsen til entusiastar som Nils Thommesen på Bliksvær i Nordland spøkjer det uansett for framtida for lyngheiene. Ingen kan pålegge nokon å halde landskapet ved like, og det krev ein stor innsats. Den innsatsen er han viljug til å leggje ned.

– Eg håpar det skal bli slik igjen på heile Bliksvær. Så får vi att dei gamle stiane, det blir rett og slett som ein park. Eg synest dette er ei flott utvikling.

Ei av dei største utfordringane med at kysten gror igjen, er at raudlista artar kan forsvinne, heilt eller delvis. Ein av desse er sanglerka, spurvefuglen som til alle tider har vore eit vanleg innslag i dei opne landskapa. Berre dei ti siste åra har 60 prosent av sanglerkene forsvunne.

– I år har det vore heilt katastrofe. Den finn ikkje lenger så mange av sine naturlege leveområde, anten er det utbygd eller så har det grodd igjen. Dei lyngheiområda som er i drift blir no viktigare og viktigare for sanglerka, seier Mons Kvamme.

Sanglerke

KAN FORSVINNE: Sanglerkene har vore eit vanleg syn langs kysten. Men attgroing av landskapet gjer livet vanskeleg for desse fuglane.

Foto: Jan Kåre Ness

Lev eit liv i pakt med heia

Sjølv det framleis er kritisk for lyngheia, så er han optimist. Stadig fleire vel å leve eit liv på stader der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og då gjerne saman med villsauer og andre dyr som beitar ned buskas og tre.

– Kunnskapen om dette er vel verd å ta vare på. I ei gitt tid blir vi avhengig av å produsere mat på dei områda vi faktisk har tilgjengeleg i dette landet. Då er beitande sauer og geiter i kystlandskapet ein måte å produsere mat på om ein setter det i system.

– Korleis trur du kysten vår ser ut om 15 – 20 år då?

– Eg støyter stadig oftare på også unge menneske som vil vere med i arbeidet med å ta vare på dette landskapet. Det er veldig mykje positivt som skjer. Entusiastane fortener verkeleg ei oppbakking frå styresmaktene, for dei gjer ein viktig jobb i område som ofte er prega av fråflytting.

Nils Thommesen på Bliksvær har eit håp om at det med åra vil vere mange som gjer som han og flyttar tilbake til eit landskap som er så avhengig av tradisjonsberarar.

– Dersom vi høgg bjørk i tillegg, og det må vi jo, så klare vi å ta landskapet tilbake til slik det var då eg var 15 år gamal. Om 10 år håpar eg at eg kan gå her med hendene i bukselommene og sjå på alt det som har blitt gjort.

Søndag møter du Nils Thommesen i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu på NRK1 klokka 20.55 eller på nettspelaren.