Knut Osnes rykkjer frå Bjørn Berger i avgjerande cupkamp mellom Lyn og Odd i 1945

I KJEND STIL: Knut Osnes rykkjer frå Bjørn Berger på Odd i ein cupkamp i 1945. Det enda med cuptriumf til Lyn etter siger i finalen mot Fredrikstad. Foto: Knut E. Holm

Kometen frå det store «intet»

OSLO (NRK): Knut Osnes skulle berre til hovudstaden for å bli lærar, men enda opp som ein av landets største kjendisar. Som trenar heldt han på å sende Barcelona ut av europacupen.

– Det var spesielt å komme frå Vestlandet til Oslo og spele fotball. Det var jo ingen som visste kven eg var. Så det var stort for meg, seier Knut Osnes.

93 år gamle hender blar i gulna avisutklipp. Store overskrifter og tallause superlativ vitnar om ein sensasjonsmann i norsk etterkrigsfotball. Knut «Bossen» Osnes gjorde furore med ball, og han skulle stå bak eitt av dei største klubblaga norsk fotball har sett.

Oslo, august 1945. Freden har komme til Norge, og 23 år gamle Knut Osnes har reist frå Nordfjordeid til Oslo for å byrje på Statens Gymnastikskole. Gjennom krigen har han spelt berre illegal fotball i heimfylket, og no melder han seg inn i ski- og fotballklubben Lyn. I ein kamp for B-laget, det såkalla «surre»-laget, får den totalt ukjente bygdeguten landslagslegenda Jørgen Juve til å måpe. Lyn-trenaren sender han rett inn på A-laget - og snart er nordfjordingen på alles lepper. Publikum møter fram i hopetal for å sjå «trollmannen» i hans første kamp.

– Det gjekk rykte om at Lyn hadde fått ein ny spelar - ein kar frå Sogn og Fjordane - som var den fødte ballsjonglør. Han var eit heilt ubeskrive blad i norsk toppfotball. Den største komet norsk fotball kanskje har hatt, skreiv Sunnmøre Arbeideravis nokre år seinare.

Knut Osnes ble øyeblikkelig en sensasjon! Ikke et ord om ham syntes overdrevet. Han kunne behandle ballen som den mest dresserte sirkus-løve, han kunne skyte fra de umuligste vinkler og han gikk opp i luften og headet som om han var opphengt i en usynlig snor. Osnes var et naturtalent man simpelthen ikke hadde sett maken til!

Tidens Krav
Knut Osnes

OPPTEKEN AV FOTBALL: Knut Osnes har heile livet vore oppteken av fotball, og følgjer framleis med på det som skjer frå rommet sitt på Lillohjemmet i Oslo.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ei karriere av dei heilt sjeldne var i startgropa. Unge Osnes viste seg raskt tilliten verdig. Og berre 70 dagar etter at han melde seg inn i klubben, var den tidlegare så ukjende vestlendingen klar for sin første cupfinale med Lyn. Tilsaman 85.000 tilskodarar omkransa bana då Oslo-laget måtte ut i tre finalar mot Fredrikstad, før ein vinnar vart kåra etter 4-0 i det siste oppgjeret.

Osnes scora to mål i finalane, og tok sin aller første triumf i norsk fotball.

Året etter skjedde det igjen. Nok ein gong var Fredrikstad motstandar i NM-finalen. Lyn vann 3-2 etter ekstraomgangar. Osnes var ein av heltane som fann vegen til nettmaskene.

Den unge vestlendingen hadde slege gjennom for fullt i norsk toppfotball saman med storspelarar som Magnar Isaksen, John Sveinsson og Arne Brustad. Med blendande teknikk og enorm fart spelte han seg også inn på landslaget, der han scora fem mål på seks kampar med flagget på brystet.

Avisene skreiv mykje om fenomenet frå Nordfjordeid – «en stad sødr um Trondheim», som det stod i svenske Dagens Nyheter i september 1945:

«Han öppenbarade sig en vacker dag utan att någon visste vem han var. Det var pang direkt. Han er full av överraskingar och gör saker som man inte tror».

Det er knapt et fotballnavn som er mer på folkemunne. For noen måneder siden var han en helt ubetydelig person.

VG i 1945
Lyn sitt første cupfinalelag i 1945. Knut Osnes er nummer to frå venstre i bakre rekke

FRÅ BYGDA TIL ULLEVAAL: Totalt ukjende Knut Osnes hadde berre vore i klubben i 70 dagar, då Lyn vann cupen på Ullevaal. Bak frå venstre: Marlow Braathen, Knut Osnes, Kristian Henriksen, John Sveinsson, Magnar Isaksen, Arne Brustad. Framme frå venstre: Nils O. Andresen, Eugen Hansen, Tom Blohm, Øivind Holmsen, Adalbert Kjellberg.

Foto: Knut E. Holm

Folk snakka om at han aksellererte frå null til hundre på eitt sekund.

Det var det nok få som hadde trudd, då dei såg Knut «kaste bort» tida si med å sparke rundt på ein ball av tøy eller papir heime på Nordfjordeid som liten gutunge. Der dreiv faren slaktebutikk og pølsemakeri. Knut var nummer tre av fem søsken.

Mange hugsar framleis den fotrappe gutungen stå inne i portrommet til farens butikk. Der gjekk det timesvis kvar dag til leik med ball. Sjølv om rommet ikkje var stort - kanskje ikkje meir enn halvannan meter langt.

– Han dreiv med fotball heile tida, og han var veldig mykje i portrommet. Eg hugsar eg måtte stå i mål. Han skaut, mimrar Eli Sunde.

Ho er søster av Osnes, og hugsar godt broren trikse med ballen. Opp med foten, vidare til låret og så leikne touch med hode, skulder og hæl – før han sende av garde eit skot mot porten. Gong på gong. Time inn og time ut.

Det er slikt ein blir god av.

– Det var sjeldan å sjå ballbehandling som den «Bossen» viste fram på den tida, seier barndoms- og og lagkamerat Sverre Heggen.

Osnes markerte seg som eit uvanleg talent på Nordfjordeid, der han mellom anna debuterte for A-laget som 16-åring i 1938. Han vann krinsmeisterskapen med Eid året etter. Men så kom andre verdskrigen. Den forhatte krigen.

– Den ansvarlege for den krigen er den eg har hata mest i mitt liv. Han stal frå meg den beste ungdomstida mi. Hadde ikkje det skjedd, hadde eg nok blitt profesjonell fotballspelar, har Osnes sagt.

Så snart krigen var over, reiste fotballtalentet til Oslo for å utdanne seg som lærar. Han melde seg inn i Lyn etter ein tilfeldig prat med dåverande trenar Jørgen Juve. Det året scora han 37 mål på 16 serie- og cupkampar.

I ein cupkamp mot trondheimslaget Falken banka han inn heile åtte mål då Lyn vann 12-0. Det er truleg framleis rekord i norsk fotball. «Bossen» var ein attraksjon. Han utgjorde ein frykta trio saman med Magnar Isaksen og John Sveinsson.

Han vart den første spelaren frå Sogn og Fjordane på landslaget, då han debuterte mot Danmark i 1946. Han la opp til det første målet, og scora sjølv vinnarmålet i andre omgang.

– Det var enkelt å vere centerforward så lenge ein hadde folk som laga sjansane, slik som vi hadde, seier Osnes.

I sin fjerde kamp med flagget på brystet fekk han også spele saman med det store førebiletet sitt; Reidar Kvammen, som spelte på bronselaget frå 1936 og som sat i konsentrasjonsleir under krigen.

Knut Osnes scorar på straffe mot Danmark i 1947

FØRSTE PÅ LANDSLAGET: Knut Osnes var den første frå Sogn og Fjordane på det norske fotballandslaget. Her set eidaren inn eitt av sine seks landslagsmål på straffe mot Danmark i 1947.

Foto: Ukjent

Ullevaal, sommaren 1948. Dei fleste som er tilstades på den spennande kampen meiner dommaren har dømt eit feil straffespark til heimelaget Lyn. Spelarane på franske Stade Français spring bort til dommaren og kjenner på panna hans. Har han feber? Men nei. Dommaren er sikker i si sak, og Lyns John Sveinsson går fram og scorar sikkert på straffesparket. Men dommaren meiner alt ikkje gjekk etter regelverket, og vil at Lyn skal ta det opp att. Då går den tekniske og raske centerforwarden Knut «Bossen» Osnes fram til ellevemetersmerket. Han bestemmer seg for å gjere noko mange skal hugse han for i ettertid.

– «Bossen» sparka ballen demonstrativt opp på tribunen. Han ville ikkje score på eit feil straffespark. Då storma franskmennene bort til han og meinte han var litt av ein idrettsmann, fortel svoger Ove Sunde.

Knut Osnes hadde nådd toppen av karriera i løpet av nokre få og intense år.

No byrja fotballkometen å slite med eit sviktande syn. Ein lege kom inn i garderoben før ein kamp og foreslo at angriparen kunne prøve kontaktlinser. Det ville nok gjere susen. Men dette ville ikkje goalgettaren høyre snakk om.

– Eg ville ikkje vite av noko slikt innpå augo mine, ler Osnes.

Dermed måtte han gi seg som spelar i 1950 - berre fem år etter at han debuterte for Lyn. Hadde han godteke kontaktlinsene, hadde han truleg fått ei lenger karriere - både på klubb- og landslag.

I ei kåring av dei farlegaste angriparane i etterkrigstida, vart Osnes utropt som «ballsjonglør nummer 1»:

Knut kunne riktignok ikke få ballen til å hente morgenavisen, men ellers...!

Alle menns blad, 1955

28-åringen returnerte til Eid, der han tok til som gymlærar og hjelpte til i slaktebutikken til faren. Samstundes bidrog han då moderklubben tok eit nytt krinsmeisterskap.

I 1959 reiste han på Sporthochschule i Tyskland. Der fekk han auga opp for fotball som fag. Tilbake i Norge busette han seg i Oslo og starta å trene aldersbestemte lag i Lyn. Han var også innom som trenar eit år for A-laget i Vålerenga. Då var han eit lett trenaralternativ å ty til, då gamleklubben Lyn fekk problem i 1967.

Leiinga i storklubben var ikkje nøgde med jobben austerrikske Anton Plodrer hadde gjort med A-laget. Det var duka for den gamle målkongen Knut Osnes ved roret.

Allereie første sesongen førte han hovudstadslaget fram til seriebronse og cupgull – den første cuptriumfen for klubben sidan han sjølv spelte på laget 21 år tidlegare. Året etter skulle Norge få stifte kjennskap med eitt av dei beste klubblaga landet har sett. Lyn greidde som andre norske lag å ta «The double».

Fotballinteresserte nikkar den dag i dag anerkjennande til namn som Andreas Morisbak, Karl Johan «Kallen» Johannessen, Harald «Dutte» Berg og Ola Dybwad-Olsen. Dei leverte feiande frisk fotball og spelte seg inn i hjartet til heile nasjonen.

– Knut var glad i angrepsspel. Han var nok heldig som kom inn i eit lag som fungerte bra av seg sjølv, men han heldt fram den linja som var lagt. Han var intens og deltakande, og han underviste med heile seg. Han hadde ein smittande entusiasme, seier Dybwad-Olsen.

El Mundo om Lyn-kampen

SJOKKERTE SPANIA: Spansk presse let seg overraske av at Lyn heldt Barcelona til 2-3 i den første kampen, og slo fast at nordmennene ikkje bøyde av for favorittane.

Camp Nou, Barcelona. Februar 1969. Klubbsekretæren til mektige Barcelona reiser seg og forlet tribunen. Han er irritert. Åtte minutt ut i andre omgang har Lyn gått opp til 2-0 mot heimelaget i den siste og avgjerande kampen i kvartfinalen i cupvinnarcupen. Det norske sensasjonslaget er i ferd med å sende ei av stormaktene i fotball-Europa ut av det gode selskap. Nervane står i høgspenn. I Norge sit folk klistra til radioapparata, medan Bjørge Lillelien skrik seg hes og meiner Barcelona har tolv mann på bana.

– Vi møtte det beste laget i Europa, men det betydde ingenting for Knut. Han meinte ingenting var umogleg. Han passa på oss og gjorde at vi var avslappa og utan nervar. Og så heldt vi på å slå dei, seier Dybwad-Olsen.

Han snakkar om eitt av dei verkeleg store høgdepunkta i norsk fotballhistorie. Året då overraskingslaget Lyn frå vesle Norge slo ut tyrkiske Izmir Altay og svenske Norrköping, og gjekk vidare til kvartfinalen i europacupen som første norske lag. Der skulle dei møte sjølvaste Barcelona.

Lyn fekk ikkje spele den eine av dei to kampane i Norge, slik det var vanleg, rett og slett fordi vinteren hadde festa grepet sitt på Ullevaal. Dermed måtte begge kampane spelast i Spania. Det kan ha bikka kampane i favør storlaget frå Catalonia.

For første kamp enda 2-3 etter to mål av Harald «Dutte» Berg. Ei veke seinare heldt to mål frå Karl Johan Johannessen på å velte storklubben. Det siste kom så seint som åtte minutt ut i andre omgang.

Det er på tide å sleppe til Bjørge Lillelien:

Mine damer og herrer, jeg inviterer dere til å være med på århundrets fotballsensasjon. Lyn leder 2-0 over Barcelona i Europacupen og det er 14 minutter igjen!

Bjørge Lillelien rapporterer i NRK radio
Knut Osnes leiar Lyn på trening framfor kvartfinalekampen i europacupen mot Barcelona i 1969.

TRENING: Knut Osnes leiar Lyn-spelarane på trening i ein gymsal i vinterlege Norge før avreise til Spania og kvartfinalekampane mot Barcelona.

To raske scoringar av Pellicer og Gallegho det siste kvarteret gjorde likevel at Barcelona karra seg vidare til semifinalen med 5-4 samanlagt.

– Sett i ettertid er eg lei meg for at ikkje Barcelona-folka skulle komme opp i snøvêret. Ja, det angrar eg på. Vi hadde nok fått medhald i det, dersom eg hadde bestemt meg for det. Då hadde det blitt eit annet resultat, seier Osnes til medlemsbladet Lynsjer'n.

Lyn-trenar ikkje imponert

IKKJE IMPONERT: Knut Osnes meiner framleis at laget hans hadde slege ut Barcelona frå cupvinnarcupen, dersom dei hadde spelt den eine kampen i Norge - slik dei eigentleg skulle ha gjort.

Foto: Faksimile frå VG

Avisene skreiv om «borgarkrig» og «fotballbombe». Keeper Svein Bjørn Olsen felte ei tåre og tenkte at «den sjansen kjem nok aldri tilbake».

– Eg hadde ikkje trudd amatørar kunne spele slik fotball, sa Barcelona-stjerna Pereda.

– Vi vann kampen, men Lyn var dei moralske sigerherrane. Vi skal prise oss lykkelege over at dei ikkje fikk spele heimekamp. Då hadde vi verkeleg fått problem med å nå semifinalen, meinte han.

Knut Osnes har fått ein stor del av æra for både «The double» og det utrulege europacupeventyret. Det var ei fotballhistorisk bragd på høgde med Bronselaget frå 1936. Det skulle gå 30 lange år før norske klubbar igjen var oppe og spiste kirsebær med dei store. Knut Osnes og Lyn var legendariske.

– Det er ingen tvil om at Osnes er ein betydeleg personlegheit i norsk fotball, både som spelar og trenar, er attesten frå fotballekspert Arne Scheie.

– Han har sett store spor etter seg. Er nok den mestvinnande trenaren i Lyn, og ein av dei mestvinnande spelarane, seier Dybwad-Olsen.

Lyn feirar The Double i 1968

HISTORISKE DOBBELTMEISTRAR: Lyn feirar som andre norske lag at dei har klarte 'The double' i 1968. Bak frå venstre: Harald Berg, Sveinung Aarnseth, Alf H. Braathen, Knut Berg, Karl Johan Johannessen, Trygve Christophersen, Jon P. Austnes, Ola Dybwad-Olsen, Helge Østvold, Jan Rodvang, Jan Berg, Bjarne Nyhoff (fotballformann), Andreas Morisbak. Framme frå venstre: Aasmund Sandland, Knut Kolle, Svein Bjørn Olsen, Knut Osnes (trenar), Odd Chr. Hauge (formann), Bjørn Thorsen (oppmann).

Foto: Krause & Johansen

– Han var flink med metaforar og samanlikningar, og han var ein lærd person. Så han brukte sitat frå forfattarar i trenarjobben, var lett forståeleg, og samstundes klar på korleis vi skulle spele fotball. Han var litt som Nils Arne Eggen, smiler den tidlegare Lyn-spelaren.

Knut Osnes var no ein av dei store kjendisane i heimlandet. Avisspaltene var fulle av stoff om Lyn og suksesstrenaren. Dagbladet lanserte nordfjordingen som ny landslagstrenar. Vekeblada kom heim til familien på «heime hos-reportasjar».

– Vi ungane fekk høyre det frå gutane i klassen heile tida. Eg fekk nok meir merksemd enn eg ville. Alle visste kven pappa var. Men klart eg var stolt, seier dottera Heid Osnes.

Avisnotis om falsk versjon av Osnes

FALSK OSNES: Folk prøvde å utnytte kjendisstatusen som følgde med suksessen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ho blar gjennom gamle avisutklipp saman med den tidlegare trenaren. Ho hugsar godt reporterane som kom og ville lage reportasje heime i stova deira. Og folk visste å utnytte kjendisstatusen. Ho trekkjer fram eit gulna avisutklipp som stod på trykk i ei av riksavisene:

«I Åsgårdstrand har en ung mann hatt stor suksess i sommer, ikke minst økonomisk sett. Han utgav seg nemlig for Knut Osnes og ble i den anledning budt på en lang rekke fester og fikk også av en kar låne hele 2000 kroner. Ingen fattet mistanke inntil långiveren forleden tok seg en tur til Oslo, for nærmere å tale med sin skyldner. Stor ble hans forbauselse da han kommer inn i Lyns garderobe og finner den riktige Osnes. Det eneste han kunne framstamme var: Nei, det var da ikke Dem! Nå er saken naturligvis meldt til politiet og så får vi se hvordan den utvikler seg.»

Det var nok ikkje mange som hadde trudd Lyn kunne rykkje ned til andredivisjon etter suksessen i 1968 og vinteren det året. Men det skulle vise seg at det var fullt mogleg. Berre nokre månader etter storkampane i Barcelona, var Oslo-laget ute av det gode selskap i Norge.

– Det vart mange nederlag utover våren. Mange spelarar var ikkje slik dei burde, då mange måtte opp til eksamen og andre var skadde. Samstundes forsvann «Dutte» til Belgia. Det var sjølvsagt kjedeleg å rykkje ned, seier Osnes.

Han måtte ta hatten og gå. I media gjekk omtalen frå positiv omtale til tøff refs.

– Kontrasten var stor. Det var ein nedtur som prega familien. Avisene skreiv at «Bossen må gå» og slikt. Det var leit å sjå faren din få den typen omtale, seier Heid Osnes.

Gamle avisutklipp om Knut Osnes

SPALTE OPP OG SPALTE NED: Avisene var fulle av stoff om Lyn og Knut Osnes i åra etter krigen og utover 60-talet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men det skulle ikkje gå lang tid før nordfjordingen var tilbake i manesjen. Først som trenar for det norske laget som vann nordisk akademisk meisterskap i 1969, mellom andre med Egil «Drillo» Olsen på laget.

Så kom andredivisjonsklubben Ålesund på bana. Der vart Knut Osnes den aller første profesjonelle fotballtrenaren på heiltid i Norge.

– Det er himmelvid forskjell å ha det slik. Medan eg trente Lyn måtte eg samstundes skjøtte lærarjobben, og det seier seg sjølv at det ofte kunne vere vanskeleg å vere like inspirert til ei kvar tid, etter ei hard arbeidsøkt på skulen. Eg håpar trenargjerninga kan bli ordentleg anerkjent som yrke her heime, det ville gavne norsk fotball, sa Osnes til avisene.

«Bossen» hadde ord på seg for å vere ein pedagogisk trenar. Han hadde fokus på teknikk og tempo i spelet – det samme som kjenneteikna han sjølv som spelar. Treningsfilosofien hans var også forut for si tid, og har vore brukt på idrettshøgskulen i ettertid.

Knut Osnes tilbake på Eid stadion

PÅ HEIMEBANE: Knut Osnes har sterke band til Nordfjord og heimstaden. Her er den gamle fotballkjempa tilbake på den verkelege heimebana si på Nordfjordeid for eit par år sidan.

Foto: Privat

– Han var ikkje ein diktatorisk trenar, men inspiratoren og pedagogen som hadde den rette dialogen med oss spelarane. Han samarbeidde med oss og ville ha fram meiningane våre om korleis vi skulle spele. På den måten ga han oss ansvar, gjorde oss sjølvstendige og skapte sjølvtillit, skreiv tidlegare Lyn-spelar Andreas Morisbak til ein tale i samband med 80-årsdagen til Osnes.

Han har sjølv jobba i mange år med trenarutdanning i fotballforbundet, og meiner Osnes var forut for si tid.

– I ettertid ser eg at trenerfilosofien hans var svært viktig og riktig. Og kanskje i mykje større grad enn vi spelarane sjølve tenkte over den gongen.

Osnes gav seg som trenar etter eit opphald i Strømsgodset i 1972. Han heldt fram yrkeskarriera som lærar i hovudstaden.

– «Bossen» var bygdeguten som vart ein suksess som spelar, og som skapte seg ei stor karriere som trenar. Han var den første herifrå som tok steget ut, seier dagleg leiar Svein Olav Myklebust i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Knut Osnes mimrar om gamle dagar i avisutklipp

GODE MINNE: Knut Osnes mimrar om gamle dagar i avisutklipp saman med dottera Heid Osnes.

Foto: Rune Fossum / NRK

Han kjenner godt til mannen med kometkarriera. Det herlege skotet, dei legendariske vendingane og driblingane. Ballkjensla han utvikla med den endelause klakkinga mot veggen i portrommet heime ved farens slaktebutikk i Eidsgata.

No er det ikkje lenger så mange som nikkar attkjennande til namnet Knut Osnes.

Lillohjemmet, Oslo. Juni 2015. Den gamle mannen nippar til kaffikoppen personalet har sett fram. Mange av dei som jobbar her veit ikkje at han ein gong var ein av landets største kjendisar. All viraken har forlengst lagt seg. Hukommelsen er ikkje som den eingong var. Det er 70 år sidan han kom til Oslo for å bli lærar. Blikket fell ned på ein gulna notis:

Knut var rett og slett fenomenal. Ja - og vi legger til: Den største «komet» norsk fotball kanskje har hatt.

Sunnmøre Arbeideravis, 1967

Kjelder: Aftenposten, VG, Sunnmøre Arbeideravis, Dagbladet, Jubileumshefte for Eid IL, Jubileumsheftet «The double 40 år etter», Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Lyn i 100: Ski- og fotballklubben Lyn 1896-1996.