Oversiktsbilete over Vevring
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Den vesle bygda og den store kunsten

I snart 40 år har ei lita bygd arrangert ei utstilling med kunstnarar frå heile verda. Kva er det med Vevring?

Lyden av samankrølla papir fyller rommet. Sjølv om veggane er kvitmåla luktar det framleis svakt av fjøs.

Marit Roland har med seg 30 kilo papir, som ho krøller saman og stiftar opp på veggen. I løpet av dei to neste dagane skal ho dekka tak og vegger, slik at ein kan gå inn i papiret og oppleva det frå innsida.

– Det er litt bøllete. Her er det ganske krølla og grovt. Det er spanande å skapa noko anna ut av ganske enkle materialar.

Marit Roland i arbeid

KUNSTNAR: Marit Roland arbeider med eit av verka sine. Ho kallar dei "Paper Drawings" og seier sjølv at ho teiknar med papiret, i staden for å teikne på det.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Roland er ein av årets kunstnarar på Vevringutstillinga, som har vorte arrangert årleg sidan 1979. Til saman har over 300 kunstnarar, frå heile verda, stilt ut i bygda med 200 innbyggarar.

Alle i Vevring hjelper til på dugnaden. Bygdefolket opnar heimane sine for kunstnarane. Dei reier opp senger, serverer fisk frå fjorden og brygger øl nok til å ha fest både fredag og laurdag. Det er konsert i kyrkja. Ungane på barneskulen lærer om kunstnarane og teiknar teikningar til dei før dei kjem. Kunsten fyller fjøs, skule og nærbutikk.

– Me bur hjå fastbuande og me får verta kjend med dei andre kunstnarane. Det er ei kunstutstilling, men også ein plass der ein møtest. Det tykkjer eg er fint, seier Roland.

Kunsten til Vevring

I 1978 sat ein dansk kunstnar, Annette Holdsen, i Vevring og vov ein biletvev. Ho var i Vevring over lang tid, og folk i bygda kom innom for å sjå korleis det gjekk med veven.

Planen var at to damer frå bygda, Gerd og Sarah Thingnes, skulle reisa til Oslo med verket på nyåret. Der skulle Holdsen stilla ut i lag med tre andre kunstnarar.

Då vinteren kom kunne ikkje Gerd og Sarah reisa frå sine daglege gjeremål, i staden måtte dei senda dottera til Gerd med teppet.

Vatnet var frose, ungane var sjuke og me hadde ingen til å mjølka kyrne. Eg var så frustrert!

Sarah Rittenhaus Thingnes

Dei ergra seg over at dei ikkje fekk sett utstillinga, og prøvde overtala kunstnarane til å stilla ut i Vevring.

Hausten 1979 gjekk dei i gang med å arrangera kunstutstilling.

Sarah Rittenhaus Thingnes i heimen sin.

ELDSJEL: Sarah Thingnes er opphavleg frå New York, men gifta seg til Vevring. Ho var med på å starta utstillinga.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Gerd og Sarah hadde gjort mange ting før. Dei hadde vore aktive i Folkeakademiet og fått bokbåt til bygda. Dei var også medlem av det lokale helselaget, der Gerd var leiar, og arrangerte likså godt utstillinga gjennom det. Heile bygda var jo medlem frå før. Overskotet skulle gå til barnehage i bygda.

Helsa vår vert mykje betre av å vera ilag og skapa noko.

Gerd Thingnes Førsund

I starten fekk dei motbør. Fylkesleiaren i Nasjonalforeningen for folkehelsen meinte det ikkje passa seg at Helselaget arrangerte kunstutstilling. Han fekk støtte av Helselaget på kommunalt nivå, som også meinte at overskotet skulle gå til dei. Ikkje til barnehage.

Damene stod på sitt. Dei meinte at utstillinga var førebyggande for den psykiske helsa i bygda.

Gerd Thingnes Førsund i hagen sin.

FØREBYGGANDE: Gerd Thingnes var med på å starta utstillinga. Ho meiner at kunst kan vera førebyggande for den psykiske helsa i bygda.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

"Biletvev og grønsaksuppe"

Det vart utstilling, og dei tok i bruk det dei hadde. Kunsten vart hengt opp på skulen i bygda, og Sarah og mannen hennar inviterte til fest på garden Myra.

I Firdaposten skreiv Fridtjof Urdal om den fyrste utstillinga, under overskrifta, «Biletvev og grønsaksuppe. Ein tre dagars basar utan loddsal.»

«Her leikar hundar og ungar, her kjem alvorlege delegasjonar for utsmykkingsnemnder for sentralsjukehuset og andre store bygg. Her var det råd å kjenne eim av fin parfyme, og ein ikkje fullt så fin eim av surfor av han som måtte ein tur innom fjøset før han drog på utstilling. Ja, inkje gale i det.»

Kunstnarane hadde ikkje så høge forventningar til salet. Dei tok det meir som ein ferietur, og vart einige om at dersom ein av dei selde eit teppe, så skulle inntektene gå til å dekka reisa.

Utsmykkingsnemndene må ha likt det dei såg, for dei kjøpte kunst for 70 000 kroner. Til saman vart det selt kunst for 116 000 kroner. Det var mykje pengar i 1979. Ein av kunstnarane betalte ned heile studiegjelda si med det ho tente under utstillinga, og Vevring fekk eigen barnehage.

I dag er barnehagen vorten kommunal, men utstillinga er framleis drive av helselaget i bygda.

Vannfall av Bård Breivik

SKULPTURPARK: Vevring har eigen skulpturpark, med verk som er strødd rundt omkring i bygda. Utanfor skulen står ein rundkøyring laga av Bård Breivik

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Nye formar og idear

Kvar haust sidan den fyrste utstillinga har det vorte arrangert utstilling i Vevring. Utstillinga er stadig under utvikling, og nye eldsjeler har teke over etter Sarah og Gerd.

Hannah Louise Thingnes er med i utstillingsnemnda. Ho trur utstillinga er med på å fornye seg sjølv.

Dei som no er unge vaksne her i bygda har jo vakse opp med utstillinga. Når dei er ute og opplever ting, så melder dei tilbake til oss om ting som er spanande.

Hanna Louise Thingnes

I år kjem blant anna kunstnaren Rasmus Brinch med ein stor videoinstallasjon, og Lionel Fahny tilbyr besøkande tatoveringar i fransk avantgarde stil. I alt er det tolv kunstnarar som gjester Vevring denne helga.

Lokal kultur

– Me legg vekt på at det me serverer er mat frå bygda. Fisken er frå fjorden og pølsene er laga av sauer frå bygda, seier Hannah.

Kafipause innimellom ølbrygginga

ØLBRYGGING: Olav Thingnes og Agnar Thingnes tek seg ein kaffipause innimellom ølbrygginga. Lokal mat og kultur er ein viktig del av utstillinga.

Foto: Uno Karlsson

I den gamle potetkjellaren på garden Myra står ei stor blå plasttønne med heimebrygga øl. I taket er det rissa inn beskjedar frå folk som har vorte sittande igjen aleine, etter ein lang kveld.

– Her nede må alle drikke av ausa, det er ikkje lov med boksøl og stetteglas her, manar Olav Thingnes som har brygga ølet.

På andre sida av tunet står eit langt steinhus, bygd av Sarah og Agnar Thingnes. Her vert det middag og fest under utstillinga. Her kan ein kome i snakk med både bønder og kunstnarar, det skal vist ikkje alltid vera like lett å sjå forskjell.

Arbeider intuitivt

Samankrølla papir spreier seg ut over vegger og tak. Marit Roland tek eit steg tilbake for å sjå korleis det vert. Ho arbeider med stadsspesifikke installasjonar, og arbeider svært intuitivt. Ho veit aldri heilt kva det vert før ho ser det ferdige resultatet.

– Når ein jobbar intuitivt så har ein med seg mykje av det du ser og opplever. Berre den bilturen frå Førde og ut hit har eg med meg, anten eg vil eller ikkje.

Roland håper å verta betre kjend med folk i bygda, og gler seg til å sjå korleis dei tolkar kunsten hennar.

– Eg vil tru at om ein bur her så har ein eit ganske sterkt forhold til naturen, kanskje folk her ser naturen i verka mine. Det er jo det eg håper å finna ut, kva folk her ser i dette.

Prismatoide, skulptur av Britt Smelvær

PRISMATOIDE: Verket Prismatoide av Britt Smelvær vart sett opp 1999. Om natta er det lys i skulpturen, som vert kalla månen av innbyggarane i bygda.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK